Dyrisk
Mange hundar og kattar vil i løpet av livet få eitt eller fleire symptom på allergi.
Kanskje innelivet ikkje er det beste, korkje for menneska eller våre firbeinte venner?
Foto via Wikimedia Commons
Dei fleste familiedyra nyter godt av ein materiell standard som for svært kort tid sidan ville vore utenkjeleg for vanlege folk her i landet. Dei bur i varme og komfortable hus, får fersk og næringsrik mat i overflod, og helsa blir tatt vare på med regelmessige besøk hos fast-dyrlegen. Likevel fløymer dyreklinikkane over av hundar og kattar med allergiske plager som øyrebetennelsar, håravfall, utslett og diaré.
Allergi er eit resultat av ein overdriven og skadeleg immunreaksjon og må ikkje forvekslast med intoleranse, som kjem av at kroppen manglar evne til å bryte ned og kvitte seg med ulike matvarer. For at allergi skal bli utløyst, må eit eller anna framandstoff (allergen) kome i kontakt med huda, tarmkanalen, auga eller luftvegane. Det er der, i det sårbare overflatelaget (epitelvevet), at vi finn dei allergiske immunreaksjonane.
Parasittært
At allergi i det heile teke finst, er eigentleg eit biologisk mysterium. Det er mogleg at allergiane har opphav i kroppens forsvar mot parasittar. Mange allergiske reaksjonar blir drivne av mekanismar som også skal verne oss mot parasittinfeksjonar, som immunoglobulin E (ein type antistoff), kvite blodceller og forskjellige signalstoff dei sender ut. Den irriterande kløen kan vere eit urgamalt signal frå immunforsvaret om at det er på tid å skrape av seg eventuelle parasittar.
Akutt allergi er ein vanleg reaksjon på insekt eller på allergen i miljøet, som husstøvmidd og pollen. Dei langsame allergireaksjonane utviklar seg over dagar, her er matvareallergiar eit vanleg døme. For alle typar allergi er det uansett vanleg at reaksjonen kan bli sterkare over tid, noko som skjer ved at kroppen «lærer» seg å kjenne att og reagere på eit spesielt molekyl (sensitering).
Variert
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.