Språk

Skrivekunne for makt

Dei eldste spora etter skriftspråk er om lag 5500 år gamle. Ideen om demokrati føreset myndige borgarar som kan lese og skrive. Alt der stoppar det for ein av ti i verda.

STØRST. Lok Sabha, det største kammeret i parlamentet i New Delhi i India, blei skipa gjennom grunnlova av 1950. I 2024 røysta 642 millionar ved parlamentsvalet.
Publisert Sist oppdatert

Stilt overfor mengdene av keramikkbrot, leirtavler, papyrusflak og dyreskinn med skrift er det fort gjort å gløyme kor få som kunne tyde det som var skrive, og bruke skrifta til fordel eller ulempe for mange.

For 4000 år sidan låg det skriveskular langs Nilen. Skrift skulle lærast, og skrivekunna blei hylla i samfunna der all makt låg hos dei få. Etter som samfunn og forvaltning blei bygde ut, blei ein meir avhengig av skrift. Den skrifta kunne få lese og endå færre skrive. Desse små mindretala var dei som dreiv med handel, forkynning eller på anna vis utøvde makt.

Kunnskap for små mindretal

Reknestykke over tidleg lese- og skrivekunne er ofte statistisk høgttenking, men historikarar som norske Leidulf Mjelve og Arnvid Nedkvitne og Steven Roger Fischer frå New Zealand har gjort sitt beste.

I det gamle Egypt kunne 2 promille lese heile innskrifter på monument. Fram mot 600-talet f.Kr. las under 1 prosent av folk i Hellas. Kring 1000 e.Kr., las kanskje 1–2 prosent i Vest-Europa. Kring 1300 kunne kanskje om lag 4000 eller 1 prosent av innbyggjarane i Noreg lese og skrive, og vel 500 år seinare var lesekunna i landet ganske så allmenn. Då låg lese- og skrivekunna på 80 prosent i Preussen, i Frankrike kring 60 prosent, Italia på 20 prosent og Russland under 10 prosent. Seint på 1800-talet kunne godt under 10 prosent av kinesiske kvinner lese.

Det auka, ja, det auka, men ikkje beint, ikkje utan nedgangar innimellom, og ikkje utan sosiale ginnungagap. Økonomisk utvikling og betre skuleverk flytta jamt fleire over frå analfabetisme til funksjonell lese- og skrivekunne. Men i 2023 kunne 13 prosent eller 763 millionar enno ikkje lese og skrive – i Europa budde då 743 millionar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement