JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Røykt aure

Kjempenes kamp endar utan siger og utan tap.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kva er skilnaden på laks og aure? Og kva er skilnaden på røykt aure merkt med M296 og røykt aure merkt med H55?

Foto: Kyrre Lien / NTB

4478
20230630
4478
20230630

Kva er eigentleg skilnaden på laks og aure? Aure er ein fiskeart i laksefamilien, og slik sett er dei nære slektningar, men sånn i bruk, meiner eg? Kan ein smake skilnad på dei to?

Ja, meiner ekspertane, men kanskje bør ein vite kva ein held på med: Auren er magrare, seier enkelte, medan andre hevdar at han berre har meir marmorert feitt, og at fargen er raudare og kjøtet meir spenstig – auren har kortare kjøtfibrar og bør difor handterast noko meir varsamt enn den meir hardføre laksebroren.

Kanskje var det difor det såkalla lakseeventyret vart eit lakseeventyr og ikkje eit regnbogeaureeventyr, sjølv om det var nettopp med auren det norske oppdrettet tok til?

Vi skal ikkje spekulere vidare i det nett i dag. I staden skal vi sjå nærare på to variantar av røykt aure som eg fann på Kiwi, og som kostar om lag akkurat det same.

Ein raud og ein rosa

Den fyrste versjonen kjem frå Fiskemannen, som den erfarne matspaltelesaren raskt kjenner att som ei eiga merkevare (EMV) produsert for Norgesgruppen. Auren i pakningen er skoren i skiver, men før han kom så langt, er han speka med salt og røykt på bøkeflis. Kiloprisen er 449 kroner.

Den andre auren, frå Fossen Fjord Fish, merkt som «tørrsalta røykt ørret frå Osterøy», kostar berre 17 øre meir per kilo, noko som knapt vert merkbart i ein pakke på 120 gram.

Dei to produkta ser likevel ikkje heilt like ut: På den eine sida er auren frå Fossen raudare – og ser altså meir aureaktig ut – enn auren i pakningen frå Fiskemannen, som er meir lakserosa. Men pakningen frå Fiskemannen har fleire merkelappar enn pakningen frå Fossen, merkar eg meg: Her er både Nøkkelholet, som merker matvarer som skal vere sunnare val, og ASC-sertifisering – sistnemnde er ei merkeordning for berekraftig havbruk som kort fortalt svarar til MSC-sertifisert villfisk.

Kvifor denne skilnaden? «Den vesle produsenten på Osterøy har sikkert ikkje råd til alle desse merkelappane», tenker eg og går heim for å google Efta-nummer.

Merkemylderet

Efta-nummer er tala og bokstavane som står inne i det ovale stempelet som sit på all mat, og som viser attende til det siste produksjonsanlegget vara var innom før ho hamna på butikkhylla. På produktet frå Fiskemannen står det M296, noko som heilt riktig sender meg til ein temmeleg stor oppdrettsaktør: Salmon Farmers of Norway AS, eit produksjonsselskap under Hofseth AS, eit oppdrettsselskap på Sunnmøre.

«Tenkte eg det ikkje», seier eg høgt til meg sjølv, før eg puttar Efta-nummeret til Fossen inn i søkemotoren – H55 – og får eit slag i trynet attende: Bak H55 gøymer Lerøy Fossen seg. Og Lerøy Foods, dei kategoriserer med rette seg sjølv som eit verdsleiande sjømatselskap.

Her er det David mot Goliat, med andre ord. Kjempenes kamp mot kvarandre.

Men kvifor tek ikkje Lerøy seg råd til å ASC-sertifisere oppdrettsanlegga sine? Har dei ikkje god nok fiskevelferd? Er det rett og slett noko lureri på gang?

Nei då. Pelle og Proffens tid er over. Lerøy nyttar rett og slett ei anna sertifiseringsordning for oppdrettsanlegga sine: Global G.A.P., heiter ho. Der ASC, som står for Acquaculture Stewardship Council, vart oppretta av mellom anna WWF i 2010 og i hovudsak inspiserer anlegg, tek Global G.A.P. føre seg heile forsyningskjeda heilt frå fôrproduksjon.

Begge merkeordningane er anerkjende, og eg tviler ikkje på at dei gjer jobben sin innanfor dei rammene dei har fått. Eg skal likevel ikkje konkludere med kva for ei merkeordning som er best. Til det er dei rett og slett for kompliserte – og dette er noko av problemet med slike uavhengige sertifiseringsordningar: Det er mange av dei, og å sette seg inn i kva kvar og ei står for, er meir enn ein fulltidsjobb og fullstendig uoppnåeleg for kvar einskild forbrukar.

Så kan du spørje om det ikkje er difor vi har sertifiseringsordningar – for at andre skal gjere jobben med å sjekke at eit produkt er OK å kjøpe. Jau då. Samstundes veit vi jo at oppdrett har strukturelle utfordringar, med høg dødelegheit, lakselus og eit fôr produsert nærast utelukka på importerte råvarer, mange av dei med menneskematkvalitet. Likevel vert dei berekraftsertifiserte.

No kjøper Lerøy sertifiseringsordning – utan å bruke ho i marknadsføringa. Det betaler dei truleg ikkje for. For kanskje er ikkje vi forbrukarar til sjuande og sist så opptatte av den slags?

Vel, enkelte forbrukarar er det. Eg trur eg klarar meg utan aure i dag. Dette vart rett og slett for vanskeleg.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

KommentarSamfunn

Sjølvmord av frykt for dauden

Macron-strategien for nyval fremjar det han vil unngå.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

Riley har nyleg blitt tenåring, og hovudkvarteret går derfor gjennom ei ombygging for å få plass til noko uventa: nye kjensler.

Foto: Disney / Pixar

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Symbolfest for heile familien

Av og til er det heilt riktig med ein oppfølgjar.

Biletet syner Blixtunnelen på Follobanen rett før opninga i desember 2022. Nokre dagar etter vart tunnelen stengd på grunn av varmgang i kablane. Opprettinga skal vare til desember i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Politiske signalfeil

Det er mange grunnar til at toget ikkje går når det skal i Noreg. Her er nokre av dei.

Triumferande palestinarar på veg attende frå Israel til Gazastripa 7. oktober 2023. Liket av ei kvinne, sidan identifisert som 22 år gamle Shani Louk, er slengt på lasteplanet på pickupen.

Foto: Ali Mahmud / AP / NTB

KommentarSamfunn

Den store gløymsla

Grufulle handlingar mot sivile og uskuldige menneske kan ikkje orsakast eller forklarast med ideologiske, politiske eller nasjonale omsyn.

Kaj Skagen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis