JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Dei lyseblå var dei verkelege vinnarane

Det er lite truleg at partia på ytre høgre fløy kan veksle framgangen i EU-parlamentsvalet inn i makt og politisk innverknad.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Italias blåblåe statsminister Giorgia Meloni takkar folket sitt for tilliten etter at resultatet i EU-parlamentsvalet blei kjent 10. juni 2024.

Foto: Alberto Lingria / Reuters / NTB

5456
20240614
5456
20240614

Partiet til Emmanuel Macron gjekk på ein smell i EU-valet. Ikkje nok med at Marine Le Pen og Nasjonal samling fekk 31,5 prosent av røystene, men det vesle partiet Reconquête, som ligg endå lenger til høgre, fekk over 5 prosent. Dei to ytre høgre-partia fekk godt over dobbelt så mange røyster som Renessansepartiet til Macron – som hamna på 14,6 prosent.

Det var liknande mønster i andre land. I Tyskland fekk Alternative für Deutschland (AfD) bortimot 16 prosent av røystene, medan det sosialdemokratiske regjeringspartiet til Olaf Scholz fekk 14 prosent – partiets dårlegaste valresultat på over hundre år. I Italia fekk statsminister Giorgia Melonis høgreparti nær 29 prosent – fire gonger meir enn ved EU-valet i 2019. I Austerrike fekk det nye, mørkeblå Fridomspartiet 27 prosent.

Kvifor gjekk dei fram?

Ei forklaring ligg ope i dagen: Dei er kritiske til innvandring og til utvida EU-samarbeid, og dette trekkjer til seg veljarar.

Innvandringsmotstand har lenge vore ei drivkraft for nasjonalistiske rørsler og politiske parti i Europa, og det skaut fart etter den arabiske våren. Veksten i parti på ytre høgre fløy heng ofte samen med to ting: kor mange innvandrarar som kjem, og kvar dei kjem frå. Den største veksten for mørkeblå parti har i regelen skjedd der innvandringa frå muslimske land og Afrika har vore stor.

Når det gjeld skepsisen til utvida EU-samarbeid, har den vorte styrkt av hendingar sidan førre EU-val. Ei av dei var brexit. Den opprivande debatten om utmelding i Storbritannia auka EU-skepsisen i fleire land. Men ei viktigare drivkraft var tre kriser som alle førte til eit sterkare EU. Den fyrste var koronakrisa. Då den braut ut våren 2020, reagerte fleire statar unilateralt, stengde grensene, verna om helsa til eigne innbyggjarar og skaka EU-samhaldet. Men EU stod ikkje berre av krisa, men utvikla òg ein ny, felles helsepolitikk.

Den andre krisa kom i 2022 då Russland invaderte Ukraina. EUs medlemsland måtte med eitt stå solidarisk med kvarandre og med USA. Dei måtte skaffe våpen til Ukraina og vedta sanksjonar mot Russland. Og då Russland truga med å stengje tilførselen av gass og olje, måtte EU i ein fart finne erstatningar for russiske energikjelder. Dette kravde rask omstilling, som i sin tur auka både EU-samarbeidet og takten i det grøne skiftet.

Korona, krig og kraftkrise dreiv fram tettare samarbeid i Europa. EU har i dag ein helseunion som engasjerer seg på stadig nye felt – og utviklar til dømes kosthaldsråd og kampanjar mot røyking. EU har òg eit tettare tryggingspolitisk samarbeid. Det omfattar både det militære og det energiteknologiske området. Når ein ny EU-kommisjon no skal skipast etter EU-valet, kan han utnemne ein ny kommissær for forsvarssaker. EU fører òg ein progressiv, aktiv miljø- og klimapolitikk.

Partia på ytre høgre er skeptisk til dette. Dei synest straumen er for dyr, og vil korkje ha forbod mot mat eller påbod om grønt skifte. Dei synest at prisen for endring er høg og kostnadene urettmessig fordelte.

Frå framgang til makt

Dei grøne vart taparen i EU-valet. Deira gruppe mista heile 18 plassar og enda på 53 representantar. Men det var ein annan tapar òg: EU-parlamentets RE-gruppe («Forny Europa») mista heile 23 plassar og sit att med 79. Sidan Renessansepartiet til Macron er ein sentral medlem i RE, kan ein seie at Macron vart valtapar, både heime og ute.

Dei mørkeblå partia gjekk fram, men gruppa deira – «Identitet og demokrati» – er neppe valets vinnar. Gruppa fekk 9 nye medlemmer og 58 representantar i alt. Men det er ikkje stort i eit EU-parlament som no er utvida til 720 representantar.

Mange kommentatorar har vore lite opptekne av tal. Dei har fokusert på dramaet i Frankrike, der president Macron allereie søndag kveld oppløyste nasjonalforsamlinga og skreiv ut nye parlamentsval 30. juni og 7. juli.

Men ein må ikkje stire seg blind på Frankrike, for krisa der er ikkje representativ for heile EU. Dei mørkeblå partia gjekk rett nok fram i mange EU-land, men det var dei lyseblå partia som til sjuande og sist kom best ut. Til dømes i Spania, som er eit betre døme på hovudtendensen i EU-valet enn Frankrike: Det ytterleggåande Vox fekk nærare 10 prosent av røystene, medan eit nytt parti til høgre for Vox, Se Acabó la Fiesta (Festen er over), overraska med 4 prosent. Men det konservative Partido Popular vann. Det fekk fleire røyster enn det regjerande sosialdemokratiske PSOE og vart Spanias største parti.

Partido Popular tilhøyrer EPP-gruppa («Det europeiske folkepartiet»). Her er det norske Høgre assosiert medlem og Kristeleg Folkeparti har observatørstatus. Det var slike konservative parti som kom best ut av EU-valet. EPP gjekk fram med 10 plassar og har, etter siste kalkylar, 186 representantar i EU-parlamentet. Det borgar for alliansebygging mellom sosialdemokratar og det politiske sentrum og kan vere nok til at Ursula von der Leyen blir attvald som president for EU-kommisjonen. Og til at EU held same kurs i dei neste fem åra som i dei fem førre. Kva slags kriser EU vil støyte på i framtida, er vanskeleg å seie. Men EU-parlamentet vil kunne takle dei utan å la seg affisere for mykje av røystene frå ytre høgre.

Torbjørn L. Knutsen er professor i statsvitskap ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigrun Slapgard er forfattar og journalist og har skrive ei rekkje kritikarroste biografiar og dokumentarbøker, særleg om sterke kvinnelagnader.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Frikjend av Slapgard

Alle var på fornamn med statsministerektefellen Werna Gerhardsen på 1950-talet. Også KGB.

ArildBye

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Klår kulokk

Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis