Frå matfatet
Rett i koppen
Det er lov med lett mat på tur, men enkelte variantar vil eg halde meg unna.
Når dørstokkmila er passert, er det mindre viktig kva som er på termosen. Men om ein må velje, kan ein jo likevel velje litt lurt?
Andrew Welch via Wikimedia Commons
Det snør! Eller regnar det? Kanskje er miljøet utanfor vindauget ditt ein stad midt imellom, også kjent som slaps? Eller, du store min, skin sola, men det blæs sure kattungar og rustne trampolinar? Uansett: Det er mykje truleg at vêret ser verre ut frå innsida enn det kjennest når ein vel er ute i det. Dørstokkmila er reell, men det er òg klisjeen om at du aldri angrar på ein tur.
Noko som kan hjelpe, er likevel å ha med seg ein godbit. Om den godbiten i tillegg er varmande, burde vi kunne ta han rett inn i fjellvettreglane: Sjølv om dei ikkje spesifikt seier noko om mat, kan vi i det minste, mellom oss, putte det å ha vatn og noko næringsrikt, lett og velsmakande i sekken inn som eit uoffisielt underpunkt til regelen om å ta med nødvendig utstyr – kan vi ikkje det?
Tomatar på topp
Spørsmålet vert då kva vi skal velje. Ofte vert det nok ein suppepose: Dei siste tiåra har Rett i koppen gått frå å vere eit merkenamn til å verte eit uttrykk i seg sjølv. Produktserien frå Toro tel etter kvart elleve ulike suppevariantar, alle med det til felles at dei kan lagast i ein kopp med varmt vatn frå ein termos. Nokre variantar kan likevel syne seg å vere betre val enn andre.
Lat oss byrje med ein verkeleg klassikar: tomatsuppe med pasta. At denne posen også har fått den meir moderne råvara mozzarella hengande ved namnet, skal vi ikkje bry oss større om: Innhaldslista syner oss at mozzarella berre utgjer 4 prosent av eit ostepulver. Truleg bidreg det litt til å få opp proteininnhaldet i suppa, men smaksmessig vil det ha lite å seie.
Utover det er likevel innhaldslista til tomatsuppa ei positiv overrasking, for ho er blant få suppeposar som har hovudingrediensen øvst: 27 prosent av innhaldet er rett og slett tomat, medan pasta utgjer 19 prosent. Fyrst på tredje og fjerde plass står dei tilsynelatande uunngåelege, men like fullt ernæringsmessig unyttige ingrediensane modifisert potetstivelse og maltodekstrin.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.