På ordentleg
Er det orden eller uorden som oftast står på dagsordenen? Å vera på eit møte der møteleiaren har snakketøyet i orden, men ikkje har orden i papira sine, kan vera ei ordentleg påkjenning. Det er greitt nok som ei overgangsordning, men so lyt ein finna eit ordensmenneske som kan ordna opp i kaoset og gå gjennom sakene i tur og orden.
I ordbøker flest står orda i alfabetisk orden. Orden står dimed før ordinera, ordinær, ordna og ordre, men orda heng etymologisk i hop. Dei kjem av latin ordo (genitiv ordinis), som mellom anna tyder ‘rekkje; rekkjefylgje; avdeling; klasse, stand; harmoni; plan, ordna skikk; religiøs orden’. Opphavet til ordo er uvisst. Det er lettare å greia ut om avleiingane, til dømes veit me at adjektivet ordentleg kjem frå tysk (ordentlich, av Orden). Ordinær har grunntydinga ‘som kjem eller står i sedvanleg orden’.
Mange av orden-samansetjingane i ordbøkene er nemningar for samskipnader som fylgjer faste reglar. Her finst ei rad ulike nonneordenar og munkeordenar, til dømes birgittinarordenen og benediktinarordenen (jf. òg orda ordenssyster, ordensbror, klosterorden). Frimurarorden har me òg. Ordet riddarorden er mangtydig. Det kan tyda ‘samskipnad av riddarar; institusjon som deler ut ein orden i tydinga ‘heidersteikn, dekorasjon’; ordensteikn av graden riddar’. Det er mykje å halda orden på!
Ein kan verta riddar av St. Olavs orden jamvel om ein ikkje har ordenssans. Ein er ikkje nøydd til å sjå ordentleg ut heller. Det er gjerningane ein har gjort, som tel. Likevel er det mange som ordnar håret før utdelinga. Ja, nokre brukar mange timar på å ordna seg. Andre likar å gå rundt med manken i vill uorden. Det er sjølvsagt heilt i orden.
Ordenspolitiet skal syta for ro og orden i gatene, medan lærarane har ansvar for klasserommet og gjev elevane karakter i orden og åtferd («få nedsett i orden»). Helst skal elevane læra noko om sideordning og underordning i grammatikken òg. Folk flest likar velordna samfunn betre enn gateuorden og rot, og nokre går ikring som sjølvutnemnde ordenskvinner og ordensmenn. Dersom dei er misnøgde med ei køordning eller valordning, eller dei kjem over ei maskin som er i uorden, seier dei klårt ifrå. For ordens skuld: Jamvel om slike ordensfolk kan vera brysame, er dei gode å ha.
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.