Frå matfatet

Oreo

Oreo-kjeksen er ikkje prova å vere verre enn kokain enno, men han er større enn han har godt av.

Oreo kjem som kjeks, sjokolade og springesko – og no òg som frukostblanding.
Oreo kjem som kjeks, sjokolade og springesko – og no òg som frukostblanding.
Publisert

Du kjenner til Oreo-kjeksa, sant? Dei svarte dobbeltdekkarkjeksa som kallar seg sjokoladekjeks fordi det er bitte litt kakao i kakedeigen, og som er fylte med kvit fyllmasse, er nærast ein institusjon verda over – og då meiner eg verda over: Landet som sel nest mest Oreo-kjeks, altså etter USA, er Kina.

Så er ikkje Oreo-kjeks berre Oreo-kjeks lenger heller. Visste du at sjølv i Noreg har Oreo namnet sitt på minst 15 ulike produkt? At tre av dei – ei sjokoladeplate, eit sjokoladeegg og ein sjokoladekjeks fylt med Oreo-krem – er produsert av Freia, er ikkje så rart som det fyrst høyres ut som: Både Freia og Oreo er nemleg eigde av den globale godterigiganten Mondelez.

Oreo er meister i å gjenoppfinne seg sjølv. Vi har alt Oreo-kjeks i sjokolade og sjokolade i Oreo-kjeks. Vi har små Oreo-kjeks og knuste Oreo-kjeks, iskrem og ostekake med Oreo-kjeks og endåtil Oreo-kjeks dyppa i eit ekstra lag smelta sjokolade. Om vi fram til no har måtta vente til lunsj eller mellommåltid eller snackstid for å få ein støyt Oreo-smak, er dei tunge tidene endeleg over: Frå og med om lag no får vi kjøpt Oreo som frukostblanding.

«Sprø kakao-ringer kombinert med sprø kuler med vaniljesmak», om vi skal tru den norske importøren Jensen & Co, og som alt ein «stor salgssuksess» i Europa. Oreo O’s, som suksessen heiter, inneheld 27 prosent sukker, palmeolje, 2,8 prosent Oreo-bitar og, ikkje minst, den særs unøyaktige ingrediensen «smakstilsetninger».

Kva er det eigentleg med Oreo som gjer det til verdas mest selde kjeks – seld over tre gonger meir enn neste kjeks på lista?

Vanedannande

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement