JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Verre enn venta

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2362
20211105
2362
20211105

Ventestunda er alltid lang, vert det sagt. Dei av oss som har stått lenge på venteliste eller sete mykje på venterom, i venteskur og ventehallar, kan stadfesta det. Eit ordtak seier det slik: «Det ein ventar hardt, kjem aldri (for) snart.» Å høyra på ventemusikk kan nok hjelpa litt, men om me skal få ventetida til å flyga, må me finna på noko som er so spanande at me gløymer at me ventar.

Venta er venteleg i ætt med ordet von. Både venting og voning går ut på å retta merksemda mot framtida og det ho truleg fører med seg, eller det me vil at ho skal føra med seg. Norrønt vænta kunne beint fram tyda ‘vona, gjeva von om’, i tillegg til ‘rekna med, tru’ og liknande. Men vent no litt! Det er då visseleg skilnader mellom venta og vona òg. Til dømes kan me nytta venta til å målbera at noko er gjort i stand eller ferdig: «Middagen ventar.» «Ho hoppa inn i ein ventande bil.» Me kan ikkje byta ut venta med vona her.

Ein annan skilnad er at me plar bruka vona om noko me ynskjer oss eller ser fram til med glede, medan venta og dei andre vente-orda like gjerne kan visa til noko me ottast: «Det er storm i vente.» «Dei ventar seg hard motstand.» I den sistnemnde setninga kan me òg nytta forventa venta og forventa er so å seia einstydande ord. Me kan ikkje seia det same om venting og forvent(n)ing.

Me veit ikkje støtt kva som ventar oss, og stundom finn me ut at me vil stilla oss avventande eller berre venta og sjå. Me kan venta med noko og venta noko(n), og det som lèt venta på seg, kjem seinare enn planlagt. Om me vil stogga noko eller lata det liggja til seinare, kan me setja det på vent. Ikkje uventa har venta vore nytta om å vera med barn («venta barn») og om stunda ein reknar med å føda («ho ventar seg på nyåret», «ho går ventande»). Når ein går i ventedagane eller på ventedøgera, er det like før. Kan henda går ein i venteklede.

Som ventande er, finst det ulike meiningar om korleis me skal venta. Eitt ordtak seier: «Ein skal venta det beste og vera budd mot det verste.» Eit anna seier: «Ein skal venta det verste til ein ser det beste.» Mange har høyrt at den som ventar på noko godt, ikkje ventar forgjeves. Me kan òg sjå slik på det: «Den som ventar lite, kan lett verta nøgd.» No trur de vel at me er i mål, men berre vent!

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

EssayFeature

Sluttoppgjer

Nokre tal får me tildelte så snart Skatteetaten har motteke fødselsmeldinga. Andre vert plukka opp undervegs i livet, eller avslørte når det nærmar seg slutten.

IvarDale

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis