JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6165
20240510
6165
20240510

KOMMENTAR

reaksjonen@dagogtid.no

Skyting ved ein barnehage og i ei kebabsjappe. Bombe i Drøbak. Meldingane om knivstikkingar på open gate i Oslo og annan grov vald kjem tett. Svaret frå politiet si side er å plukke ut særs utsette område i Oslo-gryta der dei vil sette inn tiltak.

Det er til å undrast over at innsatsen kjem fyrst no. Signala om utviklinga har vore der heile tida, og forsøket på å halde lokket på den kriminelle kjelen har mislukkast. Det koker over. Åtvaringane var der.

Klare signal

Sjølv følgde eg utviklinga innafor denne kriminaliteten ganske tett frå 2015 til 2020. I 2018 gav eg ut boka Advarsel – svenske tilstander i Norge, der eg skildra situasjonen i Sverige og Danmark òg. Sjølv om skyteepisodane i Sverige var fleire, såg eg det same mønsteret her heime.

Ungar heilt ned i elleveårsalderen blei brukte til å frakte narkotika og våpen. Rekrutteringa av barn frå fattige kår var målmedveten. Dei blei lokka med merkeklede og mobiltelefonar. Nytt for gjengane var at dei no var reiskapar for sterke kriminelle nettverk. Som regel var dei knytte til klanstrukturar på toppen, og koplingane til Sverige var der.

«Det sentrale spørsmålet handlar om nok anna, kriminelle nettverk tufta på klanar.»

Frå 2016 var Oslo inne i den fjerde bølgja av gjengkriminalitet sidan 1980-talet. Young Bloods på Holmlia hadde vakse seg sterke i fred for politiet og utfordra andre grupper. Det enda i drapsforsøk, grovt valdelege kidnappingar, farlege konfrontasjonar og interne splittingar. Politiet starta «Operasjon Gamma» for å rydde opp på Mortensrud og Holmlia. Det dei såg, var sterkt urovekkande, men det enda med enkeltsaker i retten.

Fornekting frå toppen

Dåverande statsminister Erna Solberg trøysta oss med at vi i alle fall ikkje hadde svenske tilstandar i Noreg. Det same blei gjentatt av etterfølgjaren Jonas Gahr Støre.

I 2019 var eg i ein debatt på Arendalsveka med den førebels siste i den lange rekka av justisministrar frå Framstegspartiet, Jøran Kallmyr. I panelet var også øvste sjef i politiet, Benedicte Bjørnland, og leiar for Politiets Fellesforbund, Sigve Bolstad, som no er statssekretær i Justisdepartementet. Dei tre var svært samstemde om at situasjonen i Noreg var langt frå svenske tilstandar.

Det er jo rett på mange vis. Samstundes var det ein måte å tone ned og bagatellisere problema i Noreg på. Sjå, det er verre i Sverige. Bjørnland sa at hennar sjefar forsikra at dei hadde alt under kontroll. Nokre av mine politikjelder, som dagleg følgde den kriminelle utviklinga på nært hald, sa noko heilt anna.

Det finst andre døme. Her i Dag og Tid kunne politisjefen i Groruddalen, John Roger Lund, i 2016 forsikre om at det var klar nedgang i kriminalitet i hans område. Om det var tilløp til gjengar, kalla politiet dei humørfylt «kyllingar» internt. Lund forsikra at alt var på stell.

Riksadvokaten åtvara

Nokon såg annleis på stoda. Alt i 2018 reagerte riksadvokat Tor-Aksel Busch. Samarbeidsklimaet mellom Oslo-politiet og Kripos har ikkje alltid vore like bra. Busch så alvoret i gjengkriminaliteten og kravde betre samhandling. 21. august kalla han inn til møte mellom Kripos, statsadvokatane og politimeistrane i Oslo og Øst politidistrikt. Etter møtet kom eit direktiv. Riset bak spegelen var klart: «Om nødvendig er riksadvokaten mer enn beredt til å yte bidrag til hvordan disse sakene skal håndteres om ikke nevnte samarbeidsstrukturer er i stand til å løse dette på hensiktsmessig måte.»

Busch merka seg at bakmenn skauv gjengane framfor seg. Han ville sikre seg at dei ansvarlege edderkoppane bak gategjengane blei tatt.

Kripos tok direktiva frå riksadvokaten på alvor. I løpet av nokre år avslørte dei fleire narkotikanettverk i «Operasjon Hybris». Men dei skulle gå vidare i sine analysar.

Klar tale frå Kripos

I fjor haust sleppte Kripos-sjef Kristin Kvigne katta or sekken. Ho fortalde at svenske kriminelle nettverk var til stades i nesten alle politidistrikta i landet. No var det ikkje lenger tvil.

I januar i år kom Kripos’ nasjonale trusselvurdering om kriminelle nettverk. Rapporten slo fast at Noreg var fullt ut integrert i internasjonal kriminalitet, der til dømes marokkanske, litauiske og ikkje minst albanske nettverk er aktive. Eit særmerke for det sistnemnde var ifølgje rapporten at organisasjonane er prega av familie- og klansband med sterk lojalitet og indre justis. Nytt er det at politiet bruker omgrepet klan.

Mange trur at dei interne krava i gjengane om ikkje å «snitche», eller tyste, er henta frå moderne filmar. I klanssamfunna som mange av dei kriminelle har sitt kulturelle opphav i, er togn knytt til ære, og alt som skjer i klanen, skal haldast innafor gruppa. Omerta (togn) i italiensk mafia har sitt motsvar som æresomgrepet besa i dei albanske klanane.

Klanar spreier nettet

Bortsett frå Kripos-sjefens klare tale har Debatten på NRK om gjengkriminalitet vore ei til dels søvndyssande gjentaking. Politikarar som kranglar om kven som løyver mest pengar til politiet, og korleis ein kan hindre at barn blir dratt inn kriminalitet. Det siste er sjølvsagt viktig, men det synlege biletet av vald i gatene er berre toppen av isfjellet. Det sentrale spørsmålet handlar om nok anna, kriminelle nettverk tufta på klanar. Her har vi noko å lære av røynslene frå Sverige.

I boka Klanerna – den systemhotande brottsligheten skildrar forfattarane Jan Persson og Johannes Wahlström korleis svenske kriminelle klanar spreier nettet sitt i viktige posisjonar i samfunnet. Dei sikrar seg folk innafor bankar, tollvesen, offentlege kontor og rettsvesen, i tillegg til at dei vaskar svarte pengar inn i den kvite økonomien, til dømes i bygge- og eigedomsbransjen.

Nyleg kom det fram at dei kriminelle gruppene også infiltrerer svensk politi. Avisa Dagens Nyheter hadde fått tilgang på hemmelegstempla dokument som avslørte at nokre titals politibetjentar lak opplysningar til dei kriminelle nettverka.

Ja, nærare ei mafiaverd er det knapt mogleg å komme!

Einar Haakaas er journalist
og forfattar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis