JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HistorieSamfunn

Ekko frå sekstiåra

Demonstrasjonane mot Israel og Gaza-krigen på universitet i USA vekkjer til live minnet om studentoppstandane i seksti- og syttiåra.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Studentar mot politi ved Columbia- universitetet 30. april, då Palestina- aktivist-leiren skulle rivast.

Foto: Caitlin Ochs / Reuters / NTB

8501
20240510
8501
20240510

Det er oppstandar ved amerikanske universitet att – ved Columbia, Yale, Harvard, Georgetown, Berkeley og andre campusar. Columbia suspenderer studentar som tek del i demonstrasjonane, og det er usikkert om universitetet kan halda avslutningsseremonien i år. 30. april vart Hamilton Hall på Columbia-universitetet i New York reinska for demonstrantar, og politiet sette vakt ved inngangane.

I denne ikoniske bygningen frå 1907 ligg kontora til administrasjonen ved Columbia, og her går det historiske liner attende til demonstrasjonane på sekstitalet. Bygningen vart okkupert av demonstrantane i 1968. Studentane protesterte mot at Columbia deltok i amerikansk våpenindustri, og mot at universitetet skulle byggja ein ny idrettshall i Harlem, bydelen der Columbia ligg. Svarte aktivistar døypte om Hamilton Hall til «Malcolm X Liberation College» under denne aksjonen.

Protestane i 1968 var knytte til dei to store sakene som dreiv studentaktivismen den gongen: motstand mot USAs krigføring i Vietnam og frigjeringskamp for dei svarte. Den planlagde idrettshallen vart sett på som nok eit overgrep mot afroamerikanarane. Planane vart til sist lagde bort.

Protestliner

For ein som såg demonstrasjonane mot Vietnam-krigen på nært hald ved Yale-universitetet for eit halvt hundreår sidan, kjennest nyhenda frå campusane no som eit gjensyn. Eg spør meg: Er det parallellar mellom protestane no og den gongen? Er det attkjennelege mønster frå det som skjedde i seksti- og syttåra?

Ein ting kan vi slå fast med ein gong: Desse demonstrasjonane set igjen på prøve balansen mellom to prinsipp, retten til fri ytring og omsynet til ro og orden. Frå vener ved Yale-universitetet får eg høyra at mange no meiner administrasjonen der tok for hardt i då dei kalla inn politiet for nokre dagar sidan. Vi veit frå før at det spissar til situasjonen når store politistyrkar rykkjer inn på campus, og om administrasjonen får panikk, kan ting eskalere. Rektor ved Columbia har bede politiet om å bli verande på universitetsområdet i fjorten dagar til.

«Palestinarane si sak var ikkje eit tema blant studentar i USA då eg budde der i byrjinga av syttiåra. Den gongen var oppslutninga om Israel nær komplett.»

Alt i 1964 vart balansen mellom ytringsfridom og orden sett på prøve ved amerikanske universitet. Då kravde studentar ved UC Berkeley retten til å drive med politiske demonstrasjonar på campus. Denne rørsla vart kjend som «The Free Speech Movement». Rektor ved universitetet kalla inn politiet, som ikkje var av politimeister Bastian-typen. Campus vart reinska med tåregass og batongar. Men til slutt gav universitetsleiinga etter: Studentane vann retten til å halda politiske møte inne på universitetsområdet. Samstundes fekk studentoppstanden ved Berkeley andre politiske konsekvensar. Ein ung konservativ politikar som heitte Ronald Reagan, vann mange røyster med lovnadene sine om å «rydda opp i rotet ved Berkeley» og vart i 1966 vald til guvernør i California. Reagan pressa deretter styret ved universitetet til å avsetja rektor Clark Kerr, fordi han hevda at Kerr ikkje var hard nok mot demonstrantane.

Dette var ikkje fyrste gongen sivil ulydnad vart teke i bruk av politiske aktivistar i USA. Antislaverirørsla på 1800-talet, som verna flyktande slavar frå sørstatane, er eit tidleg døme. Eit anna er Henry David Thoreaus protest mot USAs krig mot Mexico, klassisk skildra i essayet hans «On Civil Disobedience» frå 1848. Thoreau nekta å betala skatt til krigføringa i sør og flytta som einstøing til hytta si ved Walden Pond i Massachusetts.

Studentar i streik for Palestina-saka på Columbia-universitetet i New York 29. april 2024. Dei trassa trugsmål om utvising.

Studentar i streik for Palestina-saka på Columbia-universitetet i New York 29. april 2024. Dei trassa trugsmål om utvising.

Foto: Caitlin Ochs / Reuters / NTB

Tåregass og bajonettar

Ikkje alle politiske protestar artar seg like fredeleg som Thoreaus. I mai 1970 vart det halde eit gigantisk massemøte i parken The Green like sør for Yale-campusen. Tusenvis av studentar frå alle fakulteta samla seg for å stø kampen til den militante Black Panthers-rørsla. Vald låg i lufta. Mange venta at Hells Angels frå California skulle dukka opp for å slåst mot studentane. (Dei kom aldri, berre lokale motorsykkelgjengar dukka opp.)

På kvelden såg vi at fleire tilreisande freista provosera studentane til å slåst mot politiet. Men då danna studentar med kvite armband levande skjold mellom politiet og dei som laga kvalm. Disiplinen var imponerande. Studentane engasjerte seg i samtalar med tilreisande om ikkje-vald. Universitetet opna seg.

Styresmaktene hadde budd seg på det verste og nytta tåregass mot demonstrantane. Nasjonalgarden stod oppmarsjert, utrusta med bajonettar på geværa og militærkøyretøy. Eg ser enno for meg rekkjene av soldatar med heva rifler mot Yale-studentane. Nokre av demonstrantane kasta tåregassgranatar fresande attende mot soldatane.

Men i motsetnad til Nasjonalgarden ved Kent State University i Ohio nokre dagar seinare hadde styrkane ved Yale nok tåregassgranatar. I Ohio slapp politiet opp for tåregass og skaut med skarpt mot demonstrantane. Fire studentar vart drepne.

Black Panthers

Kva dreidde demonstrasjonane ved Yale-universitetet seg om? I mai 1969 hadde politiet funne eit lik i sumpane utanfor New Haven. Den drepne var Alex Rackley, som var aktiv i den lokale avdelinga av Black Panthers. Han var torturert og drepen av andre medlemer i rørsla, mistenkt for å vere politiinformant.

Ni medlemer av Black Panthers, dei såkalla The New Haven Nine, vart tiltalte for medverknad til drapet. Blant dei tiltalte var Bobby Seale, den nasjonale leiaren for Black Panthers, som hadde halde tale ved Yale same dag som drapet skjedde. Mange som støtta kampen til dei svarte, meinte at rettssaka var politisk motivert. Og det var dette som fekk rektor ved Yale, Kingman Brewster jr., til å seia dei lagnadstunge orda: «Eg er skeptisk til at svarte revolusjonære kan få ei rettferdig rettssak nokon stad i USA.»

Likskap og skilnad

Medan demonstrasjonane ved USA-campusane i seksti- og syttiåra var prega av protestar mot Vietnam-krigen og kampen for rettane til svarte amerikanarar, er det no Israels krig i Gaza det handlar om. Palestinarane si sak var ikkje eit tema blant studentar i USA då eg budde der i byrjinga av syttiåra. Den gongen var oppslutninga om Israel nær komplett.

I dag er det likskapar med syttiåra: Gaza-krigen vekkjer sterke kjensler blant amerikanske studentar no, slik Vietnam-krigen gjorde det den gongen. Og også no blir USAs rolle i ein krig langt borte kritisert. Men på bileta frå demonstrasjonane ser vi ikkje mange plakatar med slagord mot «USA-imperialismen». Ikkje minst: Under demonstrasjonane no er dei heimlege spørsmåla i USA nesten fråverande. Verken rettane til svarte eller kampen mot fattigdom er på dagsordenen.

Det vart hevda at Black Panthers-aktivistane som var sikta for tortur og drap på ein påstått politiinformant, ikkje kunne venta seg ein rettvis dom nokon stad i USA. Dette mobiliserte ungdomen på Yale i 1970.

Foto: Jason Bischoff-Wurstle / New Haven Museum

Dette er interessant. Det er ikkje lenge sidan folk slo opp telt i parkane i New York i protest mot dei økonomiske skilnadene og spekulasjonen som førte til finanskrisa, ei rørsle som fekk namnet Occupy Wall Street. Gaza-demonstrasjonane har så langt ikkje blitt kopla til slike innanrikspolitiske kampar, slik Vietnam vart knytt til dei svarte sin kamp.

Risikabelt

Er det grunn til å tru at studentprotestane i USA kan vinna fram? I dag kjem det krav om at universiteta (både i USA og i Noreg) skal bryta banda til Israel og boikotta landet akademisk, slik aktivistar i sytti- og åttiåra ville ha strenge sanksjonar mot apartheidregimet i Sør-Afrika. Denne målsetjinga er best tent med ikkjevaldeleg, verdig protest. Vi bør òg hugsa at slike protestrørsler kan oppleve innblanding av kriminelle element. Dei gule vestane i Frankrike vart mål for slikt. Nett no er situasjonen spent og kan lett koma ut av kontroll – både for demonstrantane og for styresmaktene.

Protestane er òg ei kjelde til uro for presidenten. Joe Biden ønskjer seg ei våpenkvile på Gaza. Han vil halda fast på alliansen med Israel utan å framandgjera venstresida. Store anti-israelske demonstrasjonar på universiteta i og ved New York, ein by der jødane historisk har hatt eit sterkt nærvær, lovar ikkje godt for den alliansen i Det demokratiske partiet som Biden må berga for å vinna valet. Han treng både ungdom, jødar, liberale og meir konservative amerikanarar med på laget.

Historia kjem ikkje attende, men ho kan rima. Hubert Humphrey tapte valet mot Nixon i 1968 mellom anna fordi ungdommen ikkje ville røysta på han medan krigen rasa i Vietnam. Utanrikspolitikken vart avgjerande. Det same kan Biden oppleva i 2024.

Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap og fast skribent
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Ordskifte

Ny kurs med endra styrkeforhold?

«I konfliktar er styrke viktigare enn hensikter og narrativ.»

ErikKlepsvik

Andrew Jackson var president i USA frå 1829 til 1837.

Foto via Wikimedia Commons

Ordskifte
Øyvind T. Gulliksen

Donald Trump og Andrew Jackson

Utruleg nok kan altså Trump, som no er dømd for kjeltringstrekar i stor skala, bli presidentkandidat for Det republikanske partiet.

Statsminister Jonas Gahr Støre på strategikonferansen til Arbeidarpartiet i november 2023.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Ordskifte
LarsKolbeinstveit

Svakt frå Agenda

At Ap gjer det dårleg, kan ha med heilt andre grunnar å gjere enn at folk vert meir opptekne av seg sjølve.

EssaySamfunn
Morten A. Strøksnes

iPad-bobla som brast

Samfunnet har nytta store ressursar på å digitalisere skolen. Grunnlaget var syltynt og har vore styrt av motetenking, gruppepress, framtidsangst og kommersielle interesser. No ser det ut til å snu.

Madame Nielsen har ei fortid som forfattaren Claus Beck Nielsen.

Foto: Pelikanen forlag

BokMeldingar

Apokalyptisk

Madame Nielsen leverer litteratur av sjeldan kvalitet.

Oddmund Hagen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis