JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Filosofiske forviklingar

Professor Tove Pettersen meiner filosofifaget har eit likestillingsproblem.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Filosofen Hannah Arendt (avbilda i 1944) - som rett nok insisterte på at ho var samfunnskritikar, ikkje filosof - er ei av ytterst få kvinner på den filosofiske kanon. Kvifor er dei så få? Foto: Fred Stein / NTB

Fred Stein

13921
20240510

Kvinner i filosofi, mellombelse og faste undervisnings- og forskarstillingar, 2024, basert på ein uformell oppteljing:

Universitetet i Oslo

Førsteamanuensis: 60 prosent kvinner

Professor: 22 prosent kvinner

Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis: 40 prosent kvinner

Professor: 20 prosent kvinner

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet

Førsteamanuensis: 23 prosent kvinner

Professor: 31 prosent kvinner

UiT Noregs arktiske universitet

Førsteamanuensis: 33 prosent kvinner

Professor: 66 prosent kvinner

På landsbasis er det ca. 53 prosent kvinner blant alle stipendiatar og postdoktorar, dei fire største universiteta sett under eitt.

Filosofi

pernille@dagogtid.no

At filosofifaget historisk sett har vore mannstungt, og at bidraga frå dei få kvinnelege filosofane som fanst, ikkje får merksemd, er det stort sett semje om i dei filosofiske fagmiljøa. Derimot er det usemje om korleis fagmiljøa skal handtere denne erkjenninga. Kva har dette historiske faktumet å seie for korleis ein les filosofihistoria? Og i kva grad påverkar det utviklinga av faget i dag?

– Det er sannsynleg at den noverande underrepresentasjonen av kvinnelege bidrag til filosofien hindrar utviklinga av intellektuelle ressursar i faget, skriv filosofiprofessor Tove Pettersen i den nyleg publiserte fagartikkelen «Filosofiens kjønnsrabalder» (Nytt Norsk Tidsskrift, 1/2024).

Feil signal

Pettersen, som underviste i filosofi ved Universitetet i Oslo frå 1991 til 2019, før ho gjekk over til å undervise i tverrfaglege kjønnsemne ved same universitet, peiker på fleire trekk ved filosofifaget som både kvar for seg og saman verkar ekskluderande på kvinnelege studentar og tilsette i fagfellesskapet: ein fiendtleg pedagogikk, nedvurdering av kvinnelege bidrag, i tillegg til manglande kvinnerepresentasjon, både på pensum og i den filosofiske kanonen.

Les ein den filosofiske kanonen, der det finst nesten berre menn (unntaka er Hannah Arendt og Simone de Beauvoir), får ein fort inntrykk av at det ikkje har funnest framifrå kvinnelege filosofar dei siste 2000 åra. Den oppfatninga devaluerer kvinner som rasjonelle vesen, noko også fleire av dei kanoniske filosofane, til dømes Kant, heldt på med, meiner Pettersen. Ho legg til at det ikkje stemmer, og at det gjev feil signal til kvinnelege filosofistudentar.

Andre, som førsteamanuensis ved Høgskulen i Innlandet Hedda Hassel Mørch, er ikkje like sikre:

– Det har absolutt funnest gode kvinnelege filosofar som fortener å verte studerte, men det er ikkje sikkert at dei skal takast inn i den filosofiske kanonen.

Mørch presiserer at ho då meiner den eldre kanon, definert som omtrent fram til 1900:

– Utover 1900-talet finst det sjølvsagt mange kvinner som fortener ein plass».

Meir om det seinare.

Tove Pettersen, professor i filosofi ved Senter for Tverrfagleg kjønnsforsking, Universitetet i Oslo. Foto: Universitetet i Oslo.

Ekskluderande

Debatten om kjønn og filosofi på studiestadene i landet nådde eit temperaturmessig toppunkt vinteren 2023. Då gjekk 35 filosofistudentar ved Universitetet i Oslo, med student Astrid Engen i front, ut i media og fortalde om ekskluderande mannskultur ved fakultetet. Til Morgenbladet sa Engen at mannsdominansen på filosofi verka demotiverande på mange kvinnelege studentar, noko som bidrog til at fleire vurderte å slutte. Årsaker var blant anna fråvær av feministiske problemstillingar og kvinnelege filosofar på pensum.

Fleire studentar snakka om ein ukultur mot kvinnelege studentar og guttastemning i debattar mellom studentane. Seinare skipa 56 studentar rørsla Gender Expansive Philosophy, med mål om å lage eit trygt læringsmiljø for kvinner, transpersonar og andre som bryt med kjønnsnormer.

Den påfølgjande debatten kan sjåast som eit utslag av ein større kulturell tendens der kritisk kjønnsteori vert nytta til å undersøkje og forklare skilnader mellom kjønn på ulike samfunnsområde. I det lyset kan ein òg kanskje forstå nokre av poenga i artikkelen til Pettersen.

«Det må faginterne endringar til for å auke kvinnedelen, først og fremst ein meir inkluderande pedagogikk og ein oppdatert fagportefølje.»

Tove Pettersen, Universitetet i Oslo.

Hardt debattklima

I artikkelen finn ho at studentane, særleg dei kvinnelege, opplever eit hardt debattklima der diskusjonen handlar om å øydeleggje motstandaren verbalt. Ho seier mange studentar, og særleg kvinner, skildrar diskusjonsforma som ekskluderande og framandgjerande. Debattstilen er vanlegare blant mannlege studentar, meiner ho.

– Den dominerande diskusjonsstilen blant studentane er det eg kallar ei antagonistisk debattform. Eg trur det er ei av årsakene til at mange kvinner, men òg nokre menn, droppar ut.

Sjølv om ein slik måte å diskutere på også finst i andre fagdisiplinar, har dei fått spesielt gode vekstvilkår innanfor filosofifaget fordi det er – og alltid har vore – eit mannsdominert fag, meiner ho.

– Dette handlar om arbeidsmiljøet til studentane. Når institutta får tilbakemelding om at den kvinnelege studentmassen på filosofifaga ikkje trivst, må leiinga ta det på største alvor, seier Pettersen.

Hassel Mørch meiner ein bør vere varsam med å tru at alle kvinner har problem med ein antagonistisk diskusjonsstil eller manglande kvinneleg representasjon.

– Sjølvsagt skal ein ta einskildopplevingar på alvor, og treffe tiltak for å ta hand om dei det gjeld. Men eg kjenner meg ikkje igjen i at dei fleste kvinner ikkje trivst med den debatt- eller diskusjonsstilen som er typisk for filosofi i dag. Sjølv set eg pris på denne måten å diskutere på.

Førsteamanuensis ved Høgskulen i Innlandet, Hedda Hassel Mørch. Foto: HINN.

«Det er rom for debatt om kva normer som skal styre den filosofiske diskusjonen. Men sidan mange kvinner også trivst med normene som dominerer no, er eg ikkje sikker på om dette skal definerast som eit feministisk spørsmål.»

Hedda Hassel Mørch, Høgskulen i Innlandet.

Fellesskapsorienterte kvinner

Mørch meiner ein bør skilje mellom det som er dårleg oppførsel og sexistiske kommentarar, og normene for diskusjon og argumentasjon i sjølve faget. 

– Det er rom for debatt om kva normer som skal styre den filosofiske diskusjonen. Men sidan mange kvinner også trivst med normene som dominerer no, er eg ikkje sikker på om dette skal definerast som eit feministisk spørsmål.

Pettersen presiserer at ho ikkje meiner at rasjonalitet eller evna til å utøve god filosofi er knytte til kjønn, sjølv om ho påpeikar at mange pensumlister kan gje det inntrykket. Likevel syner ho til sosiolingvistisk forsking som indikerer at den antagonistiske debattstilen er vanlegare hjå menn, og at kvinner er meir samarbeids- og fellesskapsorienterte i stilen.

Problemet er at dei som ikkje passar inn i den diskusjonsstilen, vert oppfatta som svake, og kanskje vert vurderte som mindre filosofisk og intellektuelt kompetente, meiner ho.

– Når eg underviser, prøver eg å gjere filosofisk argumentasjon til ein dialog, i staden for at studentane dreg sverdet mot kvarandre.

Ho syner vidare til at diskusjonen kring debattstil er omtrent like gammal som filosofien sjølv. Les ein breva til filosofen Hélolse, elskarinna og eleven til den kjende filosofen Abélard, kan ein tydeleg sjå at ho uttrykte seg negativt til den antagonistiske stilen hans, seier Pettersen.

Eit portrett av filosofen Germaine de Staël, ein sveitsisk filosof som levde og virka 17- og 1800-talet. Ho er ei av fleire kvinnelege filosofar som har fått meir merksemd dei siste åra, ikkje minst takka vere arbeidet til filosof Kristin Gjesdal.

Tala

Eit av poenga til Pettersen er at kvinner i større grad enn menn fell frå etter bachelorstadiet.

Det er Universitetet i Oslo som utdannar flest filosofistudentar kvart år. Ifølgje universitetet ligg talet på kvinnelege studentar som fullfører master, noko lågare enn talet på bachelorstudentar – høvesvis 29 mot 35 prosent i 2023. Førebelse søknadstal frå Samordna opptak frå 2024 syner at det blant søkjarane som hadde filosofi bachelor på førsteval, var 65 prosent menn. Likevel syner ei undersøking Morgenbladet gjorde i fjor, at talet på masterstudentar varierer frå år til år – frå mellom 29 prosent til 40 (2018), då altså med botnpunktet i 2023.

Om ein tel kvinnelege og mannlege stipendiatar og postdoktorar ved dei fire største universiteta (Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og UiT Noregs arktiske universitet), er derimot kjønnsfordelinga 53 prosent i favør av kvinnene. Kan det indikere at kjønnsbalansen i filosofien er i ferd med å verte utjamna?

– Det er gledelig om kvinnedelen verkeleg aukar. Men med tanke på kor lenge debatten om kjønnsgapet i filosofi har gått føre seg, går utviklinga altfor sakte. Tala frå filosofi på Universitetet i Oslo frå 2023 syner nettopp at eit kritisk punkt er rekruttering av kvinner frå bachelor til master. Arbeidet med å betre kjønnsbalansen er ikkje ferdig, seier Pettersen.

Artikkelen hennar diskuterer nettopp korleis filosofifaget kan halde på dei kvinnelege bachelorstudentane.

– Det må faginterne endringar til for å auke kvinnedelen, først og fremst ein meir inkluderande pedagogikk og ein oppdatert fagportefølje, seier ho.

Kvinner i kanonen?

Særleg temperatur får debatten når nokon – helst feministiske filosofar – føreslår å revidere den vestlege filosofiske kanonen, altså kva tekstar som skal reknast for å vere dei beste og viktigaste innanfor fagtradisjonen.  

Hassel Mørch er blant dei som tek til orde mot å plassere fleire kvinner inn i den filosofiske kanonen berre fordi dei er kvinner. I eit essay i Morgenbladet førre veke skreiv ho at kvinner historisk sett har vorte hindra i å bidra til filosofien på same premissar som menn.

– Vi bør absolutt både leite fram og lese hittil gløymde kvinnelege filosofar. Her har mange forskarar gjort ein god innsats dei siste åra. Samstundes meiner eg det er heilt naudsynt å skilje mellom det å ha bidrege med filosofiske idear av høg kvalitet og djupne og det å utarbeide idear av heilt framifrå kvalitet.

Les ein dei ulike bidraga til fjorårets debatt, ser ein at det er få, om nokon, som hevdar at ikkje kvinner kan verte like gode filosofar som menn. Heldigvis. Men nokre, som Hassel Mørch, meiner føresetnadene ikkje har vore til stades, historisk sett. Denne oppfatninga er det likevel monaleg usemje om, særleg blant kvinnelege fakultetsmedlemmer.

Pettersen meiner heller ikkje at ein skal kvotere inn kvinner i kanonen. Ho er likevel usamd i synspunktet om at det ikkje finst kvinnelege filosofar av framifrå kvalitet.

– Sjølv om kvinner ikkje hadde formell tilgang til europeiske universitet før på 1800-talet, har dei funnest – og mange av dei har vore i dialog med dei mannlege filosofane som no er kanoniserte.

Fagleg sjølvtillit

Eit vanleg standpunkt i spørsmål om kanonisering og pensumlister er at manglande representasjon i filosofifaget påverkar kvinnelege studentar negativt, spesifikt ved at kvinnene mistar fagleg sjølvtillit. Hassel Mørch meiner at det synspunktet manglar eintydig støtte i forsking.

– Om det var slik at manglande representasjon verka demotiverande på kvinner og førte til fråfall, burde vi sett den same tendensen på andre fagområde med manglande representasjon, meiner ho.

Pettersen meiner derimot at hypotesen har empirisk belegg, og syner til at oppfatninga finn støtte i både amerikanske og nordiske forskingsprosjekt.

– Vi kan sjølvsagt ikkje seie at hypotesen har eintydig støtte, då undersøkingar av denne typen ikkje gjev eintydige resultat.

Mykje tyder likevel på, meiner Pettersen, at kvinnerepresentasjon på pensum vil føre til at fleire kvinner ikkje droppar ut. Dette er eitt av fleire moglege tiltak ein kan setje i verk, om ein er interessert i å endre kjønnsubalansen i filosofien.

Undertrykking

Ein lyt vere kritisk til korleis den filosofiske kanonen har vorte utforma: Når han i stor grad har vorte utforma av menn, er det sannsynleg at dette har prega kven som fekk plass i første omgang, og kven som deretter har fått plass, meiner ho.

– Er det verkeleg mogleg å meine at det ikkje skal vere fleire kvinner i kanonen, når forsking syner at det finst mange utmerkte kvinnelege filosofar gjennom heile filosofihistoria, spør ho retorisk.

Hassel Mørch er delvis samd:

– Det er absolutt verdt å undersøkje om ein finn framifrå filosofiske bidrag frå kvinner. Min hypotese er at på grunn av historisk undertrykking, fekk ikkje kvinner same høve til å bidra med dei aller viktigaste arbeida. At det fanst slik undertrykking, er jo ein av hovudpremissane i feminismen.

Endringar

Universitetet i Oslo har arbeidd over tid med å betre likestillinga og studenttrivselen ved filosofisk institutt. Alt i november 2022 sette leiinga ned ei arbeidsgruppe for kjønn i filosofiundervisninga som skulle analysere situasjonen. Bakgrunnen var diskusjonar i lærarkollegiet, i tillegg til eit oppslag i universitetsavisa, Universitas.

På e-post skriv professor Reidar Maliks at gruppa la fram arbeidet for heile fagmiljøet, som diskuterte problemstillinga på eit instituttseminar og på fleire faggruppemøte. Det førte til at instituttet sette i verk tiltak for å skape eit betre studentmiljø, mellom anna ved å opprette notatet «Skikk og bruk på filosofi», som gjev rettleiing for eit godt diskusjonsklima.

Professor ved filosofisk insititutt, UiO, Reidar Maliks. Foto: UiO.

– Det er ikkje lett å finne målretta tiltak for å betre miljøet mellom studentane, men vi fokuserer på fagleg-sosiale tiltak og reviderer mentorordninga. Vonleg har det god effekt også for miljøet for kvinner på filosofi, skriv han. Han legg til at filosofisk institutt har rundt 50 prosent kvinner blant dei vitskapleg fast tilsette – det vil seie lektorar, førsteamanuensar og professorar sett under eitt.

Når det gjeld pensum, tilrår dei førelesarar å inkludere kvinner og minoritetar på pensum, også sjølv om det inneber å endre tema i nokon grad – innanfor rammene av akademisk fridom. I tilfelle det er uventa få tekstar skrivne av kvinner, tek fagleiaren kontakt med emneansvarleg med tilbod om hjelp til å finne fleire tekstar skrivne av kvinnelege filosofar, fortel han.

Pettersen seier ho er glad for at Universitetet i Oslo no har sett i verk tiltak som også rettar seg mot dei grunnleggjande pedagogiske og faglege problema som held oppe kjønnsskilnadene i filosofifaget.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis