Frå matfatet

Olje

Enkle val er feitt, men kan fort skli vekk mellom fingrane.

«Mange typar olje» heiter dette biletet frå Wikimedia Commons. Kva for ein som er best, kjem an på kva ein skal bruke han til.
«Mange typar olje» heiter dette biletet frå Wikimedia Commons. Kva for ein som er best, kjem an på kva ein skal bruke han til.«Mange typar olje» heiter dette biletet frå Wikimedia Commons. Kva for ein som er best, kjem an på kva ein skal bruke han til.
Publisert

Hadde det ikkje vore kjekt om det fanst eit produkt som passa til alt? Ta olje, til dømes. Til steiking vil vi ha ein olje som toler høg temperatur utan å verte svidd og byrje å lage transfeittsyrer og anna uhumskt, medan vi til salatdressing vil ha ein olje som gjev smak og lukt, og det er nettopp smaks- og aromastoffa som svir seg.

Det kan verte mykje å sette seg inn i. Fint, då, kunne ein tenke, at Mills-merkevara Vita Hjertego’ har laga ein olje som høver til alt: «Vita Hjertego’ Optimal er en ideell blanding», ifylgje produsenten. Men er verda verkeleg så enkel?

Den grøne plastflaska inneheld ikkje éin optimal olje. Ho inneheld heller ikkje noko vi ikkje har høyrt om før. Nei, tvert om ei blanding av dei tre vanlegaste matlagingsoljane våre: 60 prosent rapsolje, 25 prosent solsikkeolje og 15 prosent olivenolje.

Kvar olje har sin funksjon, ifylgje Vita Hjertego’. Rapsoljen «tåler høy steketemperatur», solsikkeoljen «bidrar med kolesterolreduserende effekt», medan olivenoljen «gir en mild og god smak av oliven». Lat oss gå gjennom desse tre påstandane ein for ein.

God, men ikkje unik

Toler rapsolje høg steiketemperatur? Svaret på det er at ja, dersom rapsoljen er raffinert, toler han steiketemperatur på mellom 180 og 200 celsiusgrader før han byrjar å ryke og utvikle skadelege stoff.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement