Økologisk yoghurt
Økologi som verkemiddel i intern konkurranse.
Gresk, tyrkisk, dansk eller norsk: Her er yoghurtmagikarane – bakteriane – sett gjennom eit mikroskop.
Foto: Josef Reischig / Wikipedia
«Vi skal bli best i Norge på økologisk mat.» Det var tonen i Rema 1000 då dei kjøpte gründerverksemda Kolonihagen i 2016. Verksemda byrja som ei lita, heiløkologisk abonnementsverksemd styrt frå eit kjøkken i Oslo, voks til restaurant på Frogner, eige bakeri og mikrobryggeri, før 82 prosent av verksemda altså vart seld til Ole Robert Reitan og kompani.
«Kolonihagen sier de vil forandre verden. Det vil vi gjerne være med på!», sa Reitan til Aftenposten i anledning oppkjøpet. I etterkant har Kolonihagen mellom anna utvikla ein eigen, heiløkologisk produktserie for Rema: kaffi, frosne rundstykke, mjøl, frosne bær, syltetøy – og yoghurt.
For så sterkt satsar visst Rema 1000 på økologi at dei for tida tilbyr ikkje berre éin, men to typar økologisk yoghurt naturell, begge med eksklusiv formidling – den eine altså under logoen til Kolonihagen, den andre produsert av Tine, med logoane både til samvirket og Rema 1000 på pakningen.
Kolonihagens yoghurt hevdar å vere «gresk-inspirert» og «syrnet med gresk yoghurtkultur». Inspirert av Hellas kan han gjerne vere, men det har ingenting med bakteriekulturen han er syrna på å gjere. Yoghurtkultur er nemleg per definisjon lik i heile verda – sett saman av dei termofile (varmekjære) bakteriane Lactobacillus bulgaricus og Streptococcus thermophilus. Skilnaden på «gresk» og «norsk» yoghurt er at gresk yoghurt er drenert etter syrning, slik at konsistensen vert tjukkare og noko tørrare.
Det er altså ingenting i vegen for å lage gresk yoghurt av Tine-yoghurt heime: Hell han over i eit kaffifilter og la han renne av nokre timar. Væska som vert til overs, kan du til dømes bruke i bakst.
Dei tre store
Yoghurten til Kolonihagen er produsert i Danmark. Så lenge Tine berre klarar å omsetje 58 prosent av økomjølka dei kjøper som økologisk, kan det synast litt – tja – unødvendig. Det er vel ikkje å ta for hardt i å seie?
Kvifor vel Rema 1000 å late Kolonihagen produsere øko-
yoghurt i Danmark samstundes som dei har eksklusivitetsavtale med eit norsk meieri som har for mykje økologisk mjølk?
Kanskje finn vi litt av årsaka i eit skriv frå Tine i april i fjor: «Samtidig så kommer vi ikke inn i Norgesgruppen og Coop med TINE Økologisk Melk», skriv dei, som delforklaring på nedgangen i sal av økosøtmjølk.
Men er sanninga «kjem ikkje inn i» eller «får ikkje lov å selje seg inn i på grunn av eksklusivitetsavtale med konkurrent»?
Dersom sistnemnde er tilfelle, kan det ikkje då tenkjast at Rema på si side vil sikre seg økologiske alternativ dersom Tine til hausten skulle få eit knakande godt tilbod frå ei av dei andre daglegvarekjedene?
Fast, ikkje eksklusivt
Per i dag er norske meieri i tilnærma faste forhold med kvar si daglegvarekjede. Rema har Tine, Coop har Rørosmeieriet og Norgesgruppen har Synnøve Finden og Q. Men ingen av forholda er eksklusive – til det er marknaden for liten, og aktørane i han for få og for store. Ingen kan klare seg heilt utan kvarandre.
Samstundes er ingenting betre for daglegvarekjedene enn total kontroll over leverandørane sine – gjerne gjennom eigarskap. Slik er Kolonihagen eit betre kort for Rema enn Tine. Då får det vere at dei må betale nokre kroner i toll for få å naturellyoghurten inn i butikkane. Kundar som kjøper økologisk, er òg meir villige til å handle utanlandsk – dei brukar argumentet: «Vi bygger marknad i Noreg».
I tillegg er den ø-merka nisjemarknaden truleg mindre utsett for tiltak frå Konkurransetilsynet enn den monaleg større og meir verdifulle konvensjonelle mjølkemarknaden.
Slik vert to boksar yoghurt eit bilete på kor komplisert og komplett umogleg norsk daglegvaremarknad har vorte. No foreslår både Høgre og Arbeidarpartiet forbod mot prisdiskriminering i bransjen. Kor vanskeleg det vil verte å få det innført utan smetthol, syner ikkje minst kor viktig det er å regulere bransjen – før det er for seint.
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Slik vert to boksar
yoghurt eit bilete på
kor komplisert og
komplett umogleg
norsk daglegvare-
marknad har vorte.
Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.