Frå matfatet
Økologi (og ein kjendis)
Kvifor møter økologisk jordbruk så mykje hat her til lands?
Bonde-Jon: Når han snakkar om pengar, er han innanfor. Når han snakkar om bruk av gift i åkeren, er ikkje Jon Almaas like populær blant sine eigne.
Kva er ein bonde? Det kortaste svaret er ein person som produserer mat til fleire enn seg sjølv. Det litt mindre korte svaret er ein forvaltar av jord, planter, dyr, bygningar, maskiner, køyretøy, menneske og levande, livsviktige råvarer og produkt.
Ein bonde er ikkje nødvendigvis, men kan måtte fungere som, biolog i jord og planter, dyrlege, jordmor, slaktar, maskinkøyrar, maskinmekanikar, tømrar, elektrikar, røyrleggar, rekneskapsførar, arbeidsgjevar, viltforvaltar, skogsarbeidar og omsorgsperson – mellom anna. Korleis vert ein alt dette? Kor byrjar ein, når ein har kjøpt seg ein gard? Er det verkeleg nokon som vågar seg på ein slik galskap?
Ja, nokre er det. Ein av dei – den mest kjende – er Jon Almaas. Sjølv om det var kjendispengane hans som gav han høve til å kjøpe garden, er jobben han har gjort sidan, gjort med støvlane på og hendene i møkka.
Så vert han vel omfamna av bondestanden og næringa elles? Knappast. Midt i august valde NRK å trykke ei ytring vigd i sin heilskap til kor naiv og kunnskapslaus Jon Almaas er. Kvifor? Fordi han ikkje kan drive gard? Nei, fordi han har valt å drive økologisk – og snakke høgt om det. Slikt gjer ein nemleg ikkje ustraffa i norsk landbruk i Noreg i 2025.
Innforstått kunnskap
Almaas er på mange måtar eit lett mål: «øvre middelklasse fra beste vestkant med litt forsinket midtlivskrise», som mannen bak ytringa, agronomen og journalisten Øystein Heggdal, skriv. Men gjer det han – og driftsforma han praktiserer – til eit rettvist mål?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.