Frå matfatet
Metanhemmarar i jordbruksoppgjeret
Avtalen mellom bønder og stat handla i år om meir enn berre kroner og øre.
Når ei ku fordøyer tunge karbohydrat som fiber og cellulose vert det danna CO2 og hydrogen i vomma. Desse to gassane dannar metan, som kua rapar opp.
Foto: Terje Bendiksby / NTB
Førre veke vart årets jordbruksavtale vedteken i Stortinget. Avtalen inneheld ifylgje departementet «bevilgninger, omdisponeringer, målpriser samt enkelte andre bestemmelser». Det er desse «andre bestemmelser» vi skal sjå på i dag. Nærare bestemt ei anna føresegn: «Partene er i årets jordbruksforhandlinger enige om å gjøre en felles innsats for vesentlig reduksjon i metanutslipp fra jordbruket ved å fase inn metanreduserende fôrvarer til drøvtyggere», står det, i avsnittet om husdyrtilskot og klima.
Og dette er meir enn berre lause formuleringar. Partane skal jobbe for å pålegge bruk av metanreduserande fôrvarer til mjølkekyr i minimum 80 dagar per år frå 2027. Om mjølkebønder ikkje gjer dette, vil dei miste husdyrtilskotet, om vedtaket i jordbruksoppgjeret vert ståande.
Ikkje nok med at ein stor del av norske mjølkebønder må bygge nytt fjøs innan 2030 for å oppfylle lausdriftkravet. No må dei også administrere ei fôrtilsetjing som mister effekten sin etter to–tre timar, ikkje kan tilsetjast i kraftfôrproduksjon og må gjevast i temmeleg nøyaktige mengder. Med andre ord: meir utgifter, meir arbeid. Det står ingenting i vedtaket om eventuell kompensasjon. Er dette rettvist – all den tid andre kan syne seg å tene godt på påbodet?
Enzym på aksjar
Når ei ku gjer som ei ku skal – fordøyer tunge karbohydrat som fiber og cellulose – vert det danna CO2 og hydrogen i vomma. Den naturlege måten ei ku handterer dette på, er å late desse to gassane danne metan, som kua så rapar opp.
Ein metanhemmar er eit enzym som hindrar CO2 og hydrogen i å verte foreinte i så stor grad. Dette enzymet heiter 3-nitroksypropanol (3-NOP), men vert marknadsført av den einaste større produsenten, kjemikaliekonsernet DSM-Firmenich, som Bovaer. Bovaer kan, under riktige forhold, redusere metanproduksjonen i vomma med ein fjerdedel.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.