Frå matfatet
Matvarekonkurranse
Oda er ein utfordrar, men fyrst og fremst frå innsida.
Matvarelageret Asko på Kalbakken i Oslo: Det er grossistane som formidlar mat, og makta deira skal ikkje undervurderast.
Foto: Berit Roald / NTB
«Det er også spennande å følgje med på Oda, og korleis dette selskapet vil lykkast», sa direktør i Daglegvaretilsynet, Tor Erik Engebretsen, her i avisa for eit par veker sidan.
Det er sant: Oda, tidlegare kjend som Kolonial.no, har vakse til høgder få trudde var moglege. Netthandelen med dørlevering av matvarer over heile austlandsområdet har dei siste månadane vunne VGs matbørs for billegaste handlekorg fleire gonger. Frå ein omsetnad i oppstartsåret 2014 på under 14 millionar har dei vakse til nærare to milliardar kroner i 2020. Og mykje dei gjer, synest smart: som å starte bakeri som bakar på bestilling, noko som minimerer svinn og matkasting.
Likevel var det truleg ikkje akkurat dette tilsynsdirektøren tenkte på då han svara. Spørsmålet han svara på, handla ikkje om drift, men om konkurransen daglegvarekjedene imellom er for dårleg.
Då er det naturleg å trekke fram Oda, som på overflata verkar som ein sterk konkurrent til dei tre dominerande aktørane Coop, Reitangruppen (Rema) og Norgesgruppen (Meny, Spar, Kiwi, Joker og fleire). Men er dei eigentleg det?
Kven konkurrerer?
Ja, kva er eigentleg ein konkurrent? I Norgesgruppen er det nok liten tvil om at kjedene konkurrerer med kvarandre: Spar og Kiwi slåst om dei same kundane akkurat som Coop Extra og Rema 1000 gjer det. Og for butikkdirektøren og dei tilsette på kjedekontoret utgjer det sjølvsagt ein stor skilnad kva for ein av dei to butikkane kundane vel.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.