Frå matfatet
Mat med meining
I år bør vi handle for det vi trur på.
Ein filippinsk boodle-kamp er ikkje ein slåstkamp, men eit måltid der alle et frå same bananblad. Ein kamp for det gode i verda, med andre ord.
Foto: Ej Afable / Wiki Loves Food 2022
Nytt år, nye sjansar. Kva skal vi bruke dette året til? Verte sterkare, lettare, sunnare, friskare, meir motiverte, godterifrie, sukkerfrie, feittfrie, giftfrie, ultraprosessert mat-frie?
Eller skal vi nytte høvet til å løfte blikket litt? Innsjå at det faktisk sjeldan (kanskje aldri) er vi, sluttforbrukarane her oppe i det rike nord, som ber dei tyngste byrdene ved matsystemet vårt? Om vi kan få i oss eitt og anna giftstoff som overstig grenseverdien no og då, er det ingenting mot kva jorda, plantene, dyra, fuglane, fiskane og menneska som bur i området der plantevernmiddelet vert brukt, vert utsette for.
Om vi kan verte litt for runde kring midten av altfor billege, altfor tilgjengelege tomme kaloriar som ein gong har vore maiskolbar, er det ingenting mot påverknaden den industrien har på dei som prøver å overleve og dyrke mat til seg sjølve på den jorda agroindustrien no legg beslag på. Om vi synest lammekjøt er dyrt jamført med kylling, er det ingenting mot kva pris kyllingen betalar. Kvar gong vi irriterer oss over at bananane er brune, står det ti menneske i kø for å sleppe å jobbe under umenneskelege forhold på den bananplantasjen.
Vi kan handle meir
Dette kan jo vere nokså utmattande å ta innover seg. Heldigvis finst det håp – i handling. Kva vi bruker pengar på, betyr noko. Kva vi et, betyr noko. Når vi bruker pengar på kylling som står inne, og et mat frakta kring halve jorda i staden for sau som går i fjella og beitar fram kulturlandskapet vårt, får det ein konsekvens: 29 prosent av dei truga artane i Noreg er avhengige av matproduksjon for å overleve i habitatet sitt – kulturlandskapet.
Når vi bruker pengar på fiskekaker som er utspedde med stivelse og frakta kring halve jorda, prioriterer vi ned verdien av våre eigne, tusenvis av år gamle fiskerikunnskapar. Når vi kjøper fruktgodteri i staden for frukt, gjev vi pengar til ein global fedmeindustri i staden for til bønder. Når vi et jordbær heile året rundt, trass i at dei halve året smakar lite, gjer vi det vanskelegare for dei jordbærbøndene som vil selje dei skikkeleg smaksrike, men meir arbeidskrevjande jordbæra nokre få månader om året.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.