Frå matfatet

Mat med grønsaker

Grønsaker må ikkje vere grøne lenger.

Her er det er mange grønsaker ute og går. Men kva med dei som gøymer seg?
Her er det er mange grønsaker ute og går. Men kva med dei som gøymer seg?
Publisert

Om du er vegetarianar eller kjøtelskar, matentusiast eller ferdigpizzaforbrukar, kjem du ikkje unna: Grønsaker er ein essensiell del av kosthaldet ditt. Men kva er eigentleg ei grønsak? Grunnen til at eg lurer, er to nye produkt: eit sjokoladepålegg frå Mills med namnet Sjokao og ein kjøtdeig frå First Price som begge reklamerer med at dei inneheld 50 prosent grønsaker.

I Sjokao er det kvite bønner og søtpotet som er nytta, og kjøtdeigen har både kidneybønner og kikerter sentralt plasserte på innhaldslista, saman med raud paprika og gulrot. Men der dei to sistnemnde absolutt resonnerer med grønsaksnemninga i mitt hovud, er dei fyrstnemnde tre belgfrukter, medan søtpotet er potet, eit næringstett karbohydrattilskot på linje med ris og brødmat.

Frå urter til bønner

Men kva seier litteraturen? Mest truleg er eg for trongsynt. Store norske leksikon seier rett nok at grønsaker opphavleg var «betegnelse på grønne deler av urteaktige planter», men dei held fram med at det no vert brukt «også om andre plantedeler» – til dømes røter, lauk, blomsterstand (som blomkål og brokkoli), umodne frukter (som agurk, bønner og erter), modne frukter (som tomat) og modne frø (som andre typar bønner og erter). Avgrensinga vert gjort ved ekskludering: «De fruktene som defineres som grønnsaker, er i hovudsak frukter med et høyt vanninnhold som verken smaker surt eller søtt.»

Søte bananar, sure ripsbær og sursøte eple vert altså fort ekskluderte frå grønsaksgruppa. Korn vert kasta ut fordi det har for lågt vassinnhald. Ifylgje dei generelle kvalitetskrava til Felleskjøpet skal kveite, rug, bygg og havre ikkje ha høgre vassinnhald enn 15 prosent ved levering.

Men så er det grensetilfella: Det meste av sukkeret vi et i Noreg, kjem frå sukkerbete, og et ein denne beten rå, vil han, trass i det høge sukkerinnhaldet, fyrst og fremst smake bittert, og vassinnhaldet er om lag på nivå med gulrot. Likevel vil dei fleste vere samde i at foredla sukker ikkje er ei grønsak.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement