Frå matfatet

Leverpostei – ti år etter

Synest du maten er dyr? Vel, leverposteiboksen til Gilde kosta tre kroner meir for ti år sidan – og det med meir lever enn i dag.

Det er ikkje kvar dag leverposteien pyntar seg slik, men no er det trass alt jublieum.
Det er ikkje kvar dag leverposteien pyntar seg slik, men no er det trass alt jublieum.
Publisert

Ja, veit du kva, no kostar eg på meg eit heilt utropsteiken her – for har du sett: Denne veka er spalta «Frå matfatet – om mat og matproduksjon» ti år. Hurra!

Det beste med jubileum er at ein slepp å kome på noko nytt. I staden kan ein lene seg på gamle bragder, ta tilbakeblikk og evaluere – så også i denne jubileumsspalta, som speidar heilt attende til starten.

Den fyrste utgåva av «Frå matfatet» stod på trykk i Dag og Tid 7. desember 2012, og ho tok føre seg leverpostei i to variantar: Gilde Ovnsbakt Leverpostei laga på råvarer frå vanleg norsk innegris og leverpostei frå utegrisane hjå Grøstad Gris.

Ti år er både lenge – og kort. Då eg byrja å skrive matspalte om daglegdagse råvarer i 2012, hadde eg få konkurrentar – mange skreiv restaurantmeldingar, få skreiv om maten i daglegvarehyllene. I dag er vi fleire. Merksemda kring maten vår er større og kjem frå fleire kantar: Éin ting er pris, men vi snakkar òg stadig meir om berekraft, klimapåverknad, helse, reinleik og kvalitet, og stadig fleire er ute etter å avsløre matjuks. Sjeldan – truleg aldri – har nordmenn vore så opptekne av mat som vi er i 2022.

Kva gjer det med maten vår? Syner det att endåtil i ei så kvardagsleg råvare? Har leverposteivariantane våre endra seg på eit tiår?

Mindre lever

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement