JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Laukringar

Noko har endå mindre kjerne enn lauk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ta din ring og et han – om han inneheld lauk, kan du til og med kalle han ein laukring.

Foto: Jonathunder / Wikimedia Commons

3013
20180323
3013
20180323

«Crispy Onion Rings leverer det vi lover.» Det hevdar Maarud på posen som er ein del av Food Truck-serien deira. Saman med Honey Glazed BBQ og Southern tasty Spareribs er dei resultatet av at verksemda har late seg «inspirere av at mange tilbyr spennende mat fra små lastebiler på gata».

No treng ein sjølvsagt ikkje oppsøke små lastebilar for å finne laukringar. Ein treng ikkje reise lenger enn til næraste Burger King. Det er likevel ein skilnad på dei og dei ein finn i posen til Maarud: Burger Kings laukringar inneheld lauk. Maaruds er laga med ei krydderblanding som inneheld laukpulver.

Burde eg forventa å finne lauk i laukringane? Eg forventar ikkje å finne svineribbe i posen med namnet Spareribs. Men det heng saman med at posen er dekorert med eit bilete av potetchips. Det står temmeleg tydeleg for meg at her er det ein smak eg får – ikkje eit innhald. I posen med laukringar er ikkje det like tydeleg: Biletet syner rett og slett laukringar.

kulturhistorie

Laukringar vert laga ved at ringer av lauk vert dyppa i frityrrøre og fritert. Lauken vert søt og mjuk, men har framleis noko av den karakteristiske, skarpe smaken. Frityrrøra har vorte sprø og salt, og det heile er feitt og herleg.

Oppskrifta på denne komfortmaten vart fyrste gong registrert i New York Times Magazine i 1933. Retten har vore på hurtigmatmenyar sidan sekstitalet, og i 2016 hevda Washington Post at frityrfesten er like erkeamerikansk som french fries. Vi snakkar altså om amerikansk kulturhistorie her. Eg ville ikkje vorte overraska om nokon hadde klart å putte ekte laukringar i posar.

Det Maarud i staden har putta i posar, er den endå meir kvardagslege, men mindre omtykte amerikanske råvara mais. Maismjøl og rismjøl er fritert i raps- og solsikkeolje og tilsett salt og krydder.

Noko har altså endå mindre kjerne enn ekte lauk: ein pose laukfrie laukringar.

forkludring

Det var berre eit spørsmål om tid før industrien plukka opp det elles så velsigna konsernfrie matbilkonseptet, som i stor grad er bygt på openheit. Alle som kjøper mat der, ser rett inn i kjøkkenet, det er bokstavleg tala liten plass å gøyme seg på.

Det må vere lov å hevde at Maarud er noko litt anna enn dette. Kanskje er det det motsette av kulturell appropriasjon – altså å stele ned­over: Matbilar er hipt og trendy, posesnacks ganske så lågstatus. Men det gjer det ikkje meir riktig. For om det er minikjøkkena som har statusen, er det Maarud som har pengane, mengdene og omsetninga.

Og dei leverer ikkje det dei lovar, sjølv om dei legg på at «Dette smaker akkurat som løkringer og er like sprøtt som Maarud». Ein smak gjev ikkje innhald, og ingenting kan vere noko det ikkje er. Det dei leverer, er ringar med lauksmak, men utan noko som helst anna enn eit kaloriinnhald som legg seg 10 prosent over lettmajones. 510 kaloriar per 100 gram tilseier at du kan ete ein pose Onion Rings eller ein halv tube majones.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kanskje er dette det

motsette av kulturell

appropriasjon.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis