Frå matfatet
Lammekjøt
Lammeprisane er rett og slett rotete.
Haust i ei gryte. Men kva bør ho koste, og kven skal få levere ho til butikkane?
Foto: NTB
Det er den tida på året igjen: Sauer og lam har gjort jobben sin i fjella, dalane og utmarka vår – dei har beita og beita og lagt på seg og vorte henta heim og sorterte, og nokre har vorte køyrde til slakteri over heile landet for å verte mellom anna fårikålkjøt.
Men kva for eit lammekjøt kan ein få tak i? Eg går innom ein tilfeldig vald Coop Prix ein stad på Sørlandet. I kjøledisken finn eg to typar frå – tilsynelatande – to produsentar: lammelår i skiver frå Coops eiga merkevare, slakta og produsert av det største private slakteriet i Noreg – Fatland, som har tre slakteri i Noreg, eitt i Ølen, eitt på Jæren og eitt i Oslo.
Det andre produktet er ordentleg fårikålkjøt – stykningsdelar frå fremre del av dyret, stort sett bog og ribber, ser det ut som. Merkenamnet er Henriettes Smaksopplevelser, og dei marknadsfører lam frå Ryfylke.
Ryfylke. Er ikkje det om lag der Ølen ligg, då? Jau, det stemmer, det. Og nei, det er ikkje to slakteri i området. Ser ein nærare på pakningen, står det svart på kvitt: «Produsert for Coop Norge SA av Fatland Ølen AS.»
Verre og verre vert det
Kva er så poenget med å ha to ulike merkevarer? Sit det ei Henriette – eller nokon som forvaltar arven hennar – i Ølen og sorterer ut ekstra fine lam til pakningane med Henriettes Smaksopplevelser? Tvilsamt. Kanskje handlar det heller om å pakke produkt med eit namn, ei historie og eit kjent bruksområde – som fårikålkjøt – i éin pakning, medan eit meir udefinert produkt som skiver av lammelår ikkje treng same innpakningen? Eller er det rett og slett Coop som ser eit høve til sette ein litt høgare kilopris?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.