Frå matfatet

Kjøtmat

Pølser og pålegg er i ferd med å verte gøymestadar for lureri.

Pølse er godt – om pølsa er god.
Publisert Sist oppdatert

Er vi ferdige med å grille no som hovudsommaren og fellesferien er over? Tvilsamt – og forhåpentleg ikkje. Det er ingen grunn til å slutte å grille berre fordi daglegvarekjedene har slutta å dytte ferdigmarinerte kjøtslintrer på oss i alle kanalar. Er det ikkje eigentleg diggare å grille – altså sitte ved ei heit varmekjelde – når det er 15 grader, enn når det er 25 eller endåtil 30, slik mange av oss hadde tidlegare i sommar?

Eg synest i alle fall det. Aller best er det å grille når grillen – eller bålet – kan vere ei naudsynt varmekjelde i tillegg til å foredle maten. Dersom det finst noko betre enn strålevarmen frå eit bål på ein kald kropp, må det vere om varmen gjer deg mett òg.

Då kan maten gjerne vere pølser. Somme tider høver det best med pølser av det enklaste slaget – det vi kallar grillpølser, av kjøt som er varmebehandla på førehand, og som ein berre treng å varme opp att og gi steikeskorpe etter personleg preferanse.

Men det må framleis vere gode og – ikkje minst – ekte og ærlege pølser.

Bortgøymd broiler

Tidlegare i sommar – det kan vere at eg prøver meg på å skulde på varmen – gjekk eg på ein skikkeleg smell nettopp der. Pakken med En skikkelig digg grill frå Leiv Vidar såg rett og slett slik ut. Med artige slagord som «livet smaker bedre med gode pølser på bål» og ein høveleg pakkestorleik på seks ikkje for store pølser, trudde eg kvelden var sikra.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement