Frå matfatet
Kakepulver
Av og til er det lite å spare på å vere rask.
Kaker høyrer med, om dei så kostar både kroner og kaloriar, men dei treng ikkje koste meir enn nødvendig.
Foto via Wikimedia Commons
«Advarer: – Verdens dyreste melis», skreiv Dagbladets Din side nyleg, og skribenten heldt sjølvsagt fram med eit «sjokk»: Toros glasurmikspose Ostekrem, som kostar 152 kroner per kilo, inneheld i all hovudsak melis, som kostar 33 kroner per kilo, fortel den «sjokkerte» tiktokaren Line Bråten.
Om vi ikkje treng å bruke dei same orda, kan Frå matfatet seie seg samd i konklusjonen: Toros Ostekrem inneheld rett nok bitte litt ekte vanilje og temmeleg mykje meir (men framleis lite) syntetisk aroma, som set sitt preg på smaken, men i all hovudsak er ein pose med glasurmiks, der du sjølv må sette til både kremost og smør, juks og fanteri.
«Så enkelt», skriv Toro på posen: Berre pisk saman kremost og mjukt smør, og rør inn innhaldet i posen, og vips, så har du gulrotkakeglasur – akkurat som dei ikkje veit, eller har gløymt, at det same kan gjerast like enkelt ved å bruke melis frå ein melispakke og vaniljesukker frå ein vaniljesukkerpakke.
Éin ting hadde likevel vore om Toro Ostekrem var aleine om dette «enkelt»-fanteriet. Det er dei ikkje. Lat oss ta eit dykk inn i posekakeverda.
Tørrvarepose
Merkevara til Norgesmøllene, Møllerens, har to sjokoladekakevariantar på produktrepertoaret: ei klassisk Sjokoladekake for stor langpanne og Brownies. Begge har det til felles at dei er utan mjølk og egg – noko dei sjølv hevdar er ein fordel, av di ein då kan lage kaker utan nettopp mjølk og egg, altså eit allergivenleg alternativ – bortsett frå at det bak på pakken står at innhaldet kan innehalde «spor av egg, melk», noko som for dei aller fleste ikkje er noko problem, så sant du ikkje er allergikar, då, og ikkje toler dei små spora av ei råvare som kan hamne i eit produkt som vert produsert i lokale der til dømes mjølk og egg vert brukte.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.