Frå matfatet

Kakemenn(eske)

Det som er enkelt for deg og meg, er ikkje alltid enkelt for juleindustrien.

Vart det sju slag i år? Baking er koseleg, men om du berre er komen til nummer tre, vert det nok jul uansett.
Vart det sju slag i år? Baking er koseleg, men om du berre er komen til nummer tre, vert det nok jul uansett.
Publisert

Ikkje ferdig med alle dei sju slaga? Då kan vi vel seie det byrjar å haste no – føresett at du ynskjer å kome i mål med alle sju, då. Vi kan vel alle skrive under på at det vert jul utan det odde talet på julekaker også. Men om du no skulle ynskje å halde på nett denne tradisjonen, må vi altså slå fast at du byrjar å få det travelt. Så travelt, kanskje, at det er lett å tenkje at du vert nøydd å ty til enkle løysingar: For er det ikkje like greitt å berre kjøpe seg ut av heile greia?

Jau, i utgangspunktet kan det sjå slik ut. Til dømes kan vi gå på Coop og kjøpe ein fempakning Berthas Kakemenn for 24 kroner, og ferdig med det. Store og feite er dei òg, kakemennene. Har vi ikkje ein Coop i nærleiken, kan vi i staden gå på Meny eller Spar og kjøpe kakemenn frå Bakehuset – ein fempakning kostar 40 kroner på Spar og 45 kroner hjå Meny.

Vips, enkelt og greitt, er det ikkje? Jau, kakemenn er eigentleg enkelt og greitt. Kakene, som har mange namn, frå kvite kakemenn til julekallar og julekoner og gøtekælla, var ei av dei fyrste julekakene vi byrja å bake då vi fekk komfyrar her i landet utover 1800-talet. Før det bakte vi jo mykje meir på takker og i jern, noko som framleis syner att i julebaksten (kvifor har vi elles goro- og krumkakejern i huset?). Og når det skulle vere ekstra fint, bakte vi med dei mest luksuriøse råvarene vi hadde – sukker og fint kveitemjøl.

Ja, dette var ingrediensane i dei fyrste kvite kakemennene: mjøl, sukker, vatn og hevemiddelet hornsalt. Hornsalt vart ein gong laga av hjortegevir, men no vert det same stoffet – ammoniumhydrogenkarbonat – framstilt syntetisk. Lukta av salmiakk er der framleis, då. Ho fordampar når kakene vert steikte og endar i kjøkkenet ditt, ikkje i kakemennene.

Komplikasjonar

Som var det vi eigentleg heldt på med – å bake kakemenn, altså, med fire enkle ingrediensar. Så har kakene utvikla seg etter kvart – mjølk har kome til, og smør, og vaniljesukker er det nokre oppskrifter som seier, men dei har uansett alle det til felles at dei er mange gonger enklare enn oppskriftene som ligg bak kakemennene vi får kjøpt på Coop og Meny og Spar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement