Frå matfatet
Julebrus
Hanseatane fann ikkje opp julebrusen, men det er ikkje langt unna.
Raud brus, utvilsamt. Men er det julebrus? Og er han god? Det veit du ikkje før du smaker.
Foto: Pxhere.com
Før vi går i gang, skal eg love deg éin ting: Denne spalta skal ikkje kåre årets beste julebrus, slik alle andre medium med respekt for seg sjølv synest dei må gjere om lag på denne tida. Kvifor ikkje? Fordi å kåre årets beste julebrus ikkje gjev meining. Kvifor det ikkje gjev meining, vil vi skjøne når vi har sett litt nærare på kva julebrus eigentleg er.
Den fyrste norske julebrusen var det sjølvaste Hansa som stod for i det bergenske år 1970. Den fyrste julebrusen på marknaden var raud, og julebrus har i alle år sidan og med ujamne mellomrom vorte skulda for å vere ein julekopi av den raude Perle-brusen. For raud julebrus smakar litt slik – litt bringebæraktig, om ein skal tru produsentane – sjølv om ingen vågar seg til å hevde at det er noko som liknar bringebær i den raude julebrusen. Det er det heller ikkje.
På same måte er det heller ikkje champagne i den meir champagnebrusaktige brune julebrusen som dukka opp berre få år etter den raude. Fyrst ute var Hamar og Lillehammer bryggeri, som alt på 1970-talet laga både raud og brun julebrus.
Akkurat kvifor desse to smakane vart dei offisielle julebrusvariantane, er det truleg ingen som veit. Det vart slik, og no er det slik, og vi kan krangle til vi vert blå om kva for ein variant som er best, men ingen kjem nokon gong til å vinne eller tape.
Sterile innhaldslister
I grove trekk er ingredienslista til alle julebrusane, anten dei er raude, brune eller karamellfarga, heilt lik. Ja, eigentleg er det berre maks to råvarer i julebrus: alle inneheld vatn, og dei som ikkje er lettvariantar, inneheld sukker – lettvariantane inneheld i staden andre søtingsstoff. Utover dette inneheld dei aromastoff og fargestoff.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.