Frå matfatet

Iskaffi

Nokon driv iskald berekning på vår kostnad.

Litt meir enn kaffilars: Iskaffi kan vere forskjellig, men for mykje er sjeldan bra her heller.
Litt meir enn kaffilars: Iskaffi kan vere forskjellig, men for mykje er sjeldan bra her heller.
Publisert

Om eg les av temperaturen her eg er akkurat no, skulle ein ikkje tru det var iskaffisesong – her kjennest det meir som kakaosesong. Samstundes veit eg at andre sit og sveittar og drøymer om noko kaldt og oppkvikkande – og då er det lite som slår ein iskald og koffeinrik iskaffi.

Sjølv likar eg iskaffi best utan sukker – det bitre i kaffien tiltalar meg – men eg veit at ein sukra variant er mest vanleg. Nokre tillèt seg ein god dæsj sjokolade i koffeindrikken, og han kan stæsjast opp med alt frå piska krem til karamellsaus, iskrem og sprit – alt etter smak og trong for kaloriar og kos.

Meir komplisert enn dette burde ikkje ein kald kaffi vere: Kva har eg lyst på, og kva av det kan eg få til. Likevel byr varianten vi skal sjå nærare på i dag, på heilt andre utfordringar.

Merkelaus kaffi

I iskaffihylla på Coopen min har det nemleg dukka opp eit par kartongar som skil seg frå dei andre variantane. Fyrst kunne eg ikkje heilt sette fingeren på kva det var, men den rosa og den lyseblå drikkeboksen var annleis enn begera frå Tine, Starbucks og Alpro. Iskaffe Cappuccino stod det på den rosa og Wiener Iskaffe på den blå – og med eitt slo det meg: Det som er annleis, er at det ikkje står noko meir. Her er inga merkevare og heller ingen produsent.

Hm, tenker eg. Nokon har jo laga denne vara? Eg byrjar å leite i den vesle skrifta og finn at iskaffien er «Förpackad i Tyskland för Geia Food A/S, Fuglevænget 9, KD-9000 Aalborg».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement