Frå matfatet
Grisevenger
Amerikanarane gav grisen venger. Norgesgruppen klissar vengene til så dei umogleg kan flyge.
Ut å flyge? Nei, grisevenger har ikkje mykje med luftfart å gjere. Kanskje bortsett frå at namnet kjem litt ut av det blå.
Foto via Wikimedia Commons
Eg trudde eg hadde dei no, Nortura og Gilde og Norgesgruppen og heile gjengen, då eg oppdaga at både luksus-EMV-en Jacobs Utvalgte og billeg-EMV-en Folkets har brukt årets grillsesong til å lansere variantar av produktet pork wings: I fjor vart dei grilla for å prøve å selje grillribber som ikkje kom frå ribbesida på grisen i det heile, men frå både kammen og nakken og bogen, og no skulle eg ta dei for å påstå at grisen har fått venger.
I staden var det eg som fekk lang nase: Det synte seg nemleg at grisevenger ikkje er noka norsk oppfinning i det heile. Ikkje er ho ny heller. New York Times skreiv nemleg om pork wings – grisevenger – attende i 2011. Æra for oppfinninga er gjeven til ein kar ved namn Bob File: I 2003 tok han og slakteriverksemda hans, Pioneer Meats i Michigan, patent på konseptet Pig Wings. I 2019 anslo han til Bloomberg at produktet omsette for ein stad mellom seks og ni millionar dollar årleg.
Ein suksess, med andre ord. Men kor sit vengene på grisen? Ein kunne tenke seg at det var i armhola ein stad – men grisevenger har, heldigvis, kan vi kanskje seie, ingenting med flygeeigenskapar å gjere. Stykkingsdelen har fått namnet sitt fordi han liknar på ei kyllingvenge.
Heilt nedst på bakfoten til grisen sit skanken. Det er den delen av foten som er rett over haseleddet. Her går jo lårbeinet, det er stort og grovt, og kring det er det massevis av musklar. Men kjøtskjerarane i Michigan oppdaga at dersom dei skar vekk det store lårbeinet og beheldt kjøtet som sit att kring støttebeinet ved sida av, endar ein med ein stykkingsdel som kan likne ei kyllingvenge – med bein i midten og kjøt flagrande ikring, som venger. Om ein langtidssteiker denne grisevenga, som forresten kan vere om lag dobbelt så stor som ei kyllingvenge, trekker kjøtet seg fint saman slik at beinet stikk fram og vert handtak som på ein lammecarré.
God idé
Vips, vart det som tidlegare var ein seig, traust, gløymd og vanskeleg del av grisen, til enkel, tilgjengeleg handmat som kan serverast på alt frå ei gatematbu via finare restaurantar til heime på ditt eige kjøkken – eller grill.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.