Frå matfatet
Granateple
Manglar du sommarjobb? Eg kan ha eit tips til deg.
Søte er dei, og heng godt fast. Kan vi likevel forsvare å verte eit folk som ikkje har tid å reinske granatepla sine sjølve eingong?
Foto: pxhere.com
Brukar du granateple i matlaginga di? Dersom svaret er nei, kan eg avsløre at frukta som ser steinhard og tørr ut på utsida, er temmeleg annleis inni. Kjernane som sit tett og tett mellom kvite veggar, er både saftige og smaksrike.
Heilt kvardagsleg er det likevel ikkje her til lands. Men om granateplet, som ikkje er i familie med eple, men derimot har ein familie om lag heilt for seg sjølv (den einaste andre medlemmen, Prunica protopunica, er berre å finne på øya Sokotra i Jemen), er eit temmeleg nytt medlem av det gastronomiske noregskartet, har det ei monaleg mykje lengre historie i andre delar av verda. Kring Middelhavet har det nemleg vore funne granateplerestar i miljø som er daterte attende til den seine bronsealderen.
No tvilar eg sterkt på at dei på den tida fekk kjøpt granateple i den forma vi skal snakke om i dag. Heile årsaka til at denne spalta handlar om akkurat granateple, er nemleg at eg førre veke kom over eit nytt produkt på min lokale Kiwi: granateplekjernar frå Bama. Jepp, rett og slett granateplekjernar ferdig plukka og pakka i plastpakningar på 80 gram. Kvar pakning kostar 34,90 kroner – noko som svarar til ein kilopris på 436 kroner og 25 øre.
Reinsketeknikkar
Tanken bak produktet er grei nok å forstå: Når eit engelsk søk på «korleis reinse granateplekjernar» gjev 17,6 millionar treff, er det fordi granateplet har rykte på seg for å vere vanskeleg å reinse. Kjernane sit litt fast mellom støtteveggane, og desse støtteveggane kan henge fast i kjernane og verte med opp i salaten og ikkje smake så godt.
Eg skal ikkje ta på meg å ha bladd gjennom alle dei millionane treffa, men eg trur likevel eg kan oppsummere dei ganske kjapt: fyrst dele granateple i to og så enten banke det på baksida med ein pinne for å få kjernane til å losne eller senke heile greia ned i ei skål med vatn og reinse det der. Med den sistnemnde metoden vil nemleg kjernane søkke til botnen, medan bosset flyt på toppen og kan fjernast.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.