Frå matfatet
Godteri
At godteri ikkje er det det ein gong var, er vel ikkje noko nytt. Men det får vere grenser.
Er det godteri, eller er det plastleiker? Det er ikkje alltid så godt å seie lenger.
Foto: Pxhere.com
Eit av kronargumenta til Unge Høgre under EU-valkampen i 1994, skal ha vore at vi måtte verte med i EU for å få ete blått godteri – for det var berre her i Noreg vi var så bakstreverske at vi ikkje tillét dei syntetiske fargestoffa som må til for å farge noko blått.
I 2022 er Noreg ikkje med i EU, men vi kan ete blått godteri. Takka vere EØS-avtalen, som gjer at vi deler regelverk for tilsetjingsstoff med EU, fins både E131 Patentblå, E132 Indigokarmin og E133 Briljantblå å få kjøpt i norske daglegvarebutikkar. Nokre stader er det rett nok merkt med «må ikkje gjevast til hyperaktive born» eller «ikkje inntakast i store mengder», men det er ingen avgrensingar på kjøp verken i alder eller i mengde – og dei fleste er samde om at dei blå fargestoffa er kreftframkallande, men berre i store mengder.
Slik går verda – om ikkje framover, det kan eg ikkje få meg til å hevde – så i det minste vidare. Kor langt godteriverda var komen, var eg likevel ikkje klar over før eg for fyrste gong på årevis var innom ein leikebutikk.
Din eigen automat
Akkurat området der du – og borna dine – vert ståande og vente om det er litt kø i kassa, har eit monaleg godteriutval. Og for eit godteri. Slikt hadde vi ikkje då eg var barn.
Jau, vi hadde seig vingummi – men ikkje enkeltvingummiar som kvar veg hundre gram. Vi hadde bruspulver og skumputer på nittitalet, men ikkje produkt der skumputer kan dyppast i bruspulver i ein pakning med til saman seks lag med plast. Då var tyggegummiautomatar noko ein fann på tivoli – no kan du kjøpe din eigen til å ha heime for 99 kroner på Extra Leker.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.