Frå matfatet

Geitemjølk

Paradoksa står i kø i matproduksjonsdebatten for tida – og det er ikkje ein god ting.

Gamalt og nedprioritert: Det er ikkje mange nye bilete av geiter i NTB-arkivet, og kanskje seier det sitt om korleis næringa vert verdsett.
Gamalt og nedprioritert: Det er ikkje mange nye bilete av geiter i NTB-arkivet, og kanskje seier det sitt om korleis næringa vert verdsett.
Publisert

Det er temmeleg surrealistisk å fylgje debatten kring norsk matproduksjon for tida, sjølv om vi ikkje eingong prøver å forstå talgrunnlaget som forklarar – forvirrande? – kor mykje (eller lite?) bønder tener.

På den eine sida syner det seg at Noregs mest lønsame firma, Equinor, ikkje tek seg råd til å kjøpe norsk kjøt til dei som jobbar på dei norske plattformene sine. Sokkelen forbruker to tonn kjøt kvar dag, melder NRK, og sidan dei har tollfritak, kjem kring 80 prosent av kjøtet frå stader utanfor Noreg. Årleg vert det 584 tonn importkjøt, og vi kan samanlikne med den samla produksjonen av kjøt frå geit og kje her i landet – han var på 340 tonn i 2021.

På den andre har vi ein sentral storbypolitikar som hevdar at vi kunne fått stordriftsfordelar dersom til dømes 20 gardar slo seg saman til felles drift: «Mange som sliter seg ut i små fjøs kunne feks blitt helsearbeidere og lærere», skriv Fabian Stang på Facebook, og gløymer at dei aller fleste bønder alt er helsearbeidarar eller lærarar eller har andre yrke ved sida av.

Eg lurer og på om han verkeleg meiner vi bør ha totalt 50 mjølkeprodusentar i Vestland fylke – det er rett over éin per kommune – og at kvar av dei ville måtte ha bortimot 500 aktive mjølkekyr, i tillegg til plass i fjøset til kalvar og ungdyr. Syn meg den vestlandsbøen som kunne tole at alle desse dyra skal få kome ut og beite, Fabian Stang, og eg skal syne deg at det ikkje kjem til å gå likevel.

Ja, og på den tredje sida, den vi kallar innsida, melde Nationen nyleg om eit geitebruk i bygda Leksvik i Trøndelag som fekk tilbod om betaling frå Tine for å kaste geitemjølka dei produserte.

Får betalt for å slå ut

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement