Frå matfatet
Fullkornkjeks
Kjeksmengda gjev seg ikkje på tørre møkka, men kjeks er framleis ganske tørt.
Desse kjeksa ser jo ganske så sunne ut, men fiberinnhaldet er ikkje lett å bestemme med auga.
Foto: Pxhere.com
Kjeks. Er ikkje det litt keisam mat? Eg meiner, lat oss seie det som det er: Tørre kjeks er tørre. Dei smular, og ein vert tyrst av dei. Berre tenk deg om – kjenner du nokon som har kjeks som favorittmat – eller som favorittmellommåltid, snacks eller godteri?
Ja, for kjeks kan jo kome i alle dei kategoriane der og sikkert endå fleire. Det finst så mange ulike typar kjeks der ute at ganske mange rett og slett er nøydde til å like det ganske så godt. Berre i produktkategorien «Bakevarer og kjeks» hos Meny er det 487 treff på kjeks.
Dette inkluderer altså alt frå bokstavkjeks og gullkjeks til born via ostekjeks med parmesan og kjeks som eigentleg berre er fordekt sjokolade, til ein kategori som i det i minste i namnet er temmeleg ny: fullkornkjeks.
For no held det nemleg ikkje lenger å seie at noko er havrekjeks. Nei, vi forventar nærast at ein kjeks skal innehalde havre eller noko anna som er godt for oss – som tranebær eller ingefær eller surdeigsgjær, eller altså fullkorn.
Årsaka til at vi vil at matvarer skal innehalde fullkorn, er temmeleg enkel: Vi vil ha høgt innhald av fiber. Fiber sit på utsida av kornet, og grovt mjøl og havregryn og slikt inneheld meir fiber enn finmale kveitemjøl. Og mykje fiber er bra for fordøying og forbrenning, for kolesterol og stabile blodsukkernivå. Ja, å ete jamt godt med fiber kan endåtil vere med på å motverke tarmkreft, er det mange kjelder som hevdar.
Meir fiber
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.