Frå matfatet

Wasabi

Snobbejuks, kallar vi slikt.

Her ser du ein japansk wasabiåker, og det er truleg det næraste du kjem ekte wasabi på ei stund.
Her ser du ein japansk wasabiåker, og det er truleg det næraste du kjem ekte wasabi på ei stund.Her ser du ein japansk wasabiåker, og det er truleg det næraste du kjem ekte wasabi på ei stund.
Publisert

Her kjem ei bitte lita påminning: 1. februar var ikkje berre dagen då matvareprisane var spådde å gå i vêret– det var òg dagen då hundrevis av nye produkt fekk ha sin fyrste dag i daglegvarehyllene. Sjølvsagt kjem det nye produkt elles i året òg – ikkje minst påskeprodukt til påske og juleprodukt til jul, men 1. februar og 1. september er dei store lanseringsdatoane, og årets februar skuffar ikkje: Berre hjå Meny er det, ifylgje dei sjølve, kome inn over 500 nye varer.

Mellom anna har Freia plukka opp eit gamalt merkenamn frå Nestlé og laga Sjokonøtt – eit produkt som liknar temmeleg mykje på Nugatti, men kostar nesten det dobbelte (131 mot 70 kroner per kilo). Skulle du i staden ynskje å bruke dei ekstra kronene på Orkla-eigde Nugatti sjølv, kan du i staden for den vanlege boksen no kjøpe Nugattisaus til over dobbel kilopris (149 per kilo). Skilnaden er, så vidt eg kan sjå, at solsikkeoljen i boksen er bytta ut med soya- og sheaolje i flaska – dette gjev litt mjukare konsistens, slik at sjokoladepålegget kan klemmast ut i staden for å smørjast på.

Søtsaker og snacks dominerer fullstendig oversikta over nye varer frå Meny for 2023. Her er Yummi Gummi vingummi, Mumsi sjokolade, Freia Melkesjokolade med riskrisp og karamell, Maarud Håndverkschips med biff og pepar og lauk – ja, du skjønar teikninga. Likevel er det noko heilt anna som er plukka ut som dagens hovudtema: tre nye produkt som gjer narr av råvara wasabi.

Meir enn berre sushi

Wasabi er ei plante i korsblomefamilien – altså i slekt med kål, sennep, raps og peparrot. Det er ei rot vi vanlegvis brukar i matlaging – ho er eirgrøn og sterk, sterk litt på same måte som peparrot, men meir intens.

Vi har vorte kjende med wasabi gjennom sushi, der den grøne klatten på tallerkenen eller take away-brettet gjev stor glede om han blir fortært med varsemd. To av produkta Meny no har fått inn, høyrer òg heime i sushiverda: Oppdrettslaksprodusenten Frøya har nærast spesialisert seg på laks med sushikvalitet, og då er det vel ikkje så rart at dei etter kvart ynskjer å ta kontrollen over tilbehøret. Produkta dei no lanserer, er ein Wasabi Soy Sauce og ein Wasabi Mayo.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement