JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Usaklege prisskilnader

Nokon må fortelje Næringsdepartementet at makt­forholda i daglegvarebransjen har skifta dei siste 40 åra.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Næringsminister Jan Christian Vestre fekk berre med seg fire år av åttitalet. Likevel er det der forskriftsframlegga han her legg fram, høyrer heime.

Foto: Beate Oma Dahle

4080
20230120
4080
20230120

Det var ein gong eit land der matvareprodusentane og -leverandørane sat med makta i matvaremarknaden. Produsentane var få og store, medan daglegvarebutikkane var mange og små og hadde lite å stille opp med om Norske Meierier eller Gilde eller Stabburet eller Toro ikkje ville selje produkta sine til den prisen kjøpmannen kunne betale. Daglegvaremakta var skeiv i favør av produsent og leverandør, og det førte til lite produktutvikling og, truleg, for høge prisar.

Ja, slik var det ein gong i Noreg. Det var synd, men det som er endå meir synd, er at om ein ser på framlegget til forskrift om forbod mot usaklege prisskilnader som næringsminister Jan Christian Vestre sende på høyring i haust, kan ein tru det er slik daglegvaremarknaden i Noreg fungerer framleis.

I mai i fjor påla opposisjonen i Stortinget regjeringa å ta grep om daglegvarebransjen. Mellom anna å «utrede ytterligere konkurransefremmende tiltak og fremme forslag som kan hindre dominerende markedsaktører i dagligvarebransjen i å misbruke sin markedsmakt til å svekke konkurransen og stå i veien for nye innovative aktører».

Men kven er dei dominerande marknadsaktørane? I forskriftsforslaget Næringsdepartementet sende på høyring i oktober, er det leverandørane som får så å seie alt ansvaret for at det ikkje går føre seg prisdiskriminering i norsk daglegvarebransje. Det er leverandøren som kan verte så stor at det slår inn grunngjevingsplikt, og det er då leverandøren som må legge fram relevant informasjon for Konkurransetilsynet og grunngje at prisane dei opererer med, er lovlege.

Vertikal integrering

For å sette det på spissen: Har ikkje Næringsdepartementet fått med seg at eitt og anna har skjedd i daglegvarebransjen dei siste førti åra? Om vi framleis har nokre store meieri og slakteri og produsentkonsern som Orkla, har detaljistleddet tatt opp kampen gjennom å samle seg i kjede og konsern, dei òg. Slik har vi i dag, som kjent, tre daglegvarekjeder som kontrollerer all daglegvareomsetnad i Noreg. I ei rekke offentlege utgreiingar har det vorte peika på at maktforholda i bransjen ikkje har balansert seg, men tippa over frå for stor leverandørmakt til for stor butikkmakt.

Førre veke presenterte næringsministeren hurtigtiltak mot den kraftige prisveksten i daglegvarebransjen. Departementet vil no mellom anna gjennomføre ein marginstudie for å finne ut kor marginane i verdikjeda vert av. Det står att å sjå om utvalet Vestres gjeng set ned, vil klare å få oversikt over den floken vi kallar daglegvareprising.

Eg håpar òg dei har fått med seg på vegen at uklar marginfordeling ikkje er eit problem som har oppstått med dyrtida, men tvert om er eit av hovudproblema som vart peika på i den offentlege utgreiinga som verkeleg fekk bransjen på dagsorden, nemleg NOU 2011:4 «Mat, makt og avmakt».

Mjølk som døme

Vi skal ta eitt enkelt døme på tullete matprising: Hjå Coop får du kjøpt skumma økologisk Rørosmjølk på Rørosmeieriets eigen kartong. Denne mjølka kostar nett no 21,50 kroner per liter. Hjå Coop får du også kjøpt skumma økologisk Rørosmjølk på Coops eigen merkevare Änglamarks kartong. Denne mjølka kostar 18,50 kroner per liter.

Dei to kartongane inneheld akkurat den same mjølka. Prisskilnaden er på 14 prosent. Om framlegget til forskrift mot usakleg prisdiskriminering vert vedteke, er det Rørosmeieriet som får bevisbyrda kring prisskilnaden dersom dei skulle vekse seg store nok til å få ei «vesentleg marknadsmakt».

Men er det Rørosmeieriet som ynskjer seg dei to ulike produkta i utgangspunktet – eller er det Coop som tener på å selje si eiga merkevare billegare?

No er det òg varsla ei eiga utgreiing om eigne merkevarer og konsekvensar av vertikal integrasjon. Ja, det er mange utgreiingar i denne bransjen for tida, truleg for mange. Men nett denne har eg litt tru på. Dersom ho gjer jobben sin, bør ho byrje med å slakte forskriftsframlegget om usaklege prisskilnader – forhåpentlegvis før det rekk å verte vedteke.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis