JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Trøffel

Di sjeldnare noko er, di lettare er det å verte lurt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Denne trøffelkorga kostar deg dyrt, men ho er i det minste ekte.

Foto: Zdenek Stary / Wikimedia Commons

3935
20220916
3935
20220916

Kva er god landbruksjord? Som det meste elles i samfunnet vårt måler vi jorda på kor godt ho produserer: Ei jord som gjev to tonn potet per mål, er betre enn ei jord som gjev eitt tonn potet. Det seier seg nesten sjølv.

Men med slik måling vil fulldyrka åkerjord alltid kome betre ut enn jorda i skogen eller jorda som ligg under fjellbeitet. Likevel kan slik jord vere vel så verdfull. Tenk berre på dei italienske trøffelskogane.

Italienarar har mange kjælenamn på trøflar. Mellom anna «fe-eple» og «diamanten på kjøkenet» – eller «perla av det fattige land». Få – om nokon – uforedla råvarer kan skilte med så høge kiloprisar som kvit vintertrøffel og svart sommartrøffel. Ifylgje nettstaden Tartufo.com (tartufo er italiensk for trøffel) ligg kiloprisen for svart sommartrøffel no på gjennomsnittleg 475 euro – eller 4720 kroner – per kilo.

Luktar fotsveitte

Likevel er ikkje trøffel meir eksklusivt enn at vi kan kjøpe det i mange norske daglegvarebutikkar. Eller vi kan kjøpe produkt med trøffel. Diverre er ikkje dei to tinga heilt det same.

Kanskje den vanlegaste forma for trøffelforedling er å infisere ein olje, gjerne ein olivenolje, gjerne av god kvalitet – ein extra virgin med mykje olivensmak. Då må ein ha godt med trøffel som gjev godt med smak og lukt for å slå gjennom aromaen av olivenane.

Dette er mogleg, men noko dei færraste, om nokon, av produsentane av trøffelolje til butikkhyller i Noreg gjer. Tydelegast er produsenten Monini, som påstår at dei sel kvit trøffelolje (til 576 kroner per liter hjå Meny). På ingredienslista skriv produsenten heilt ope at det handlar om 98 prosent olivenolje og 2 prosent aroma.

Aromaen det er snakk om her, inneheld mest truleg ei overvekt av 2,4-dithiapentane – ei fargelaus væske med sterk lukt, ifylgje Wikipedia, som trekker fram dårleg ande, fotsveitte og promp som døme på kva aromaen kan minne om.

Ja, og så trøffel, då – for 2,4-dithiapentane er ein del av aromaen som slår imot deg om du trekker ein svart eller kvit trøffel opp av jorda eller høvlar han over pastaen din. Men ekte trøffelaroma er sjølvsagt mykje meir kompleks – noko som òg gjeld aromaen som er gjeven opp på innhaldslista til alle trøffeloljar eg klarer å grave fram i norsk daglegvareutval. Om det ligg ein kvit trøffelbit svarande til 0,1 prosent av volumet i den dyraste utgåva på Meny – den frå Urbani til 3127,27 kroner per liter – er ikkje det meir enn at det er aromaen som dominerer – ja, nettopp aromaen til produktet.

Kva er gale med det? Fyrst og fremst prisen, så klart. Trøffel er dyrt fordi det er sjeldan og eksklusivt og dyrt å grave fram frå skogen. Syntetisk framstilt aroma har ingen av desse kvalitetane. Derfor er både 576 og 3127 kroner altfor mykje å betale per liter.

Kva er dyrast?

Kva så med produkta med monaleg høgare trøffelinnhald? På Meny kan eg òg få kjøpt både heile trøflar i olje, skiva trøflar i olje og trøffelpuré, alle frå produsenten Il Tartufu. Her er det meir trøffel å finne, men trøffelpureen har sjampinjong fyrst på innhaldslista. 10 prosent svart trøffel er ikkje nok til å koste 831,25 kroner per kilo – særleg ikkje sidan det også her er spedd på med aroma.

Heldigvis: Det finst ein variant som er usmitta av aromastoffprodusentar. Glaset med heile svarte sommartrøflar kostar 122 kroner for 35 gram – eller 3485 kroner per kilo, væskemengde inkludert – men då får eg i det minste det eg betaler for: trøflar lagde på saltlake. Reknar eg om kiloprisen til dei 25 gram trøffel som faktisk er på glaset, hamnar eg om lag akkurat på den gjennomsnittlege verdsmarknadsprisen – og tusenvis av kroner under summen eg hadde fått om eg hadde gjort det same med 0,1 prosent trøffelolje.

Kjøper eg dyr trøffelolje med ein liten, kvit sopprikk i botnen? Nei takk, eg går for glaset med dei større, svarte soppsteinane.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Trøffelpureen har sjampinjong fyrst på innhaldslista.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis