JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Tine-ost i utlandet

Det er ikkje berre Jarlsberg som kryssar landegrenser.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
 Dei har det i USA: Tenk deg fredagstacoen med lefse laga av ekte Jarlsberg.

4226
20221111
4226
20221111

Kan nordmenn lage ost som utlendingar likar? Om den norske ostesjølvtilliten ikkje alltid har vore like god, har vi iallfall ingenting å skamme oss over no til dags: Førre veke gjekk VM i ost av stabelen i Wales, og av over 80 påmelde norske ostar frå 19 ysteri vart 44 ostar premierte med medaljar. Til lukke!

Mellom vinnarane var osten vi nesten tek for gjeve: Jarlsberg. Veit vi eigentleg at Jarlsberg er ei internasjonal merkevare? Ja, kanskje veit vi det litt no, etter heile historia om korleis forbod mot eksportsubsidiar førte til Tines etablering av meieri i Irland, eit meieri som har hatt sine utfordringar.

Jarlsberg går likevel sin gang verda over. Nyleg hadde Nationen ei sak om korleis Jarlsberg vert seld billegare i Sverige enn i Noreg: 109 kroner per kilo på svenske Willys mot 158 kroner på norske Meny, synte skjermbiletet.

Dette er likevel ikkje noko nytt. Eit raskt søk syner at Dagbladet hadde denne saka alt i 2016: «Derfor får du norsk mat til under halv pris i Sverige», skreiv Dagbladet då, og brukte mellom anna Jarlsberg som døme, saman med mellom anna posesupper frå Toro.

Norvegia i Sverige

Tollvernet skal ikkje få all skulda. Noko handlar sjølvsagt om produksjonskostnader, men som den glitrande matbloggaren Anders Nordstad gong etter gong har dokumentert: Prising av mat – og ei rekke andre varer, for den saks skuld – handlar ikkje fyrst og fremst om kostnader, men om kjøpekraft. Norsk mat er dyrare i Noreg fordi vi i Noreg tener meir og difor har råd å betale meir.

Men kvifor er då Norvegia dyrare i Sverige enn i Noreg? Dette har Nationen også fått med seg, nemleg, og dette er faktisk eit nyhende: Sjølv om Tine har eigd osteforhandlaren Wernersson sidan 2007, er det fyrst no nyleg dei har lansert Norvegia i Sverige. Og i skrivande stund kostar ein halvkilos Norvegia 68,48 kroner på Hemköp i Sverige, medan han kostar 71,90 kroner på Spar i Noreg. Skilnaden er med andre ord ikkje så stor – ikkje større enn det som fint kan forklarast med litt humørsvingingar hjå butikkjedene.

Norvegia i Sverige er iallfall produsert i Noreg. På norsk mjølk. Det same er dei tolv andre Tine-ostane som Tine-eigde Wernersson har på salskartet sitt: Her er fire variantar av Snøfrisk geitost, brun geitost, Gudbrandsdalsost, vellagra Jarlsberg og ein ost dei har kalla Hertig, som liknar veldig på det som i Noreg heiter Ridder.

Wernersson har ikkje noko meieri, nemleg. Dei kjøper og sel ost – ost frå heile Europa, frå alle dei verskjende produsentane der ute, og altså frå sin eigen eigar. Då Tine kjøpte Wernersson i 2007, sa dei ope at målet med det var å «styrke Tines tilstedeværelse i Sverige».

Snøfrisk i utlandet

Wernersson er heller ikkje einaste utanlandske osteforhandlar eigd av Tine. I oversikta over dotterselskapa til Tine finn vi òg Norseland Inc. og Norseland Ltd.

Norseland Inc. har igjen dotterselskapa Alpine Dairy LLC – eit meieri i Ohio – og Lotito Foods LLC. Saman har dei som oppgåve å «produsere, foredle, markedsføre og distribuere» ost frå Tine og andre produsentar til marknaden i USA. Norseland Inc. sel ikkje Norvegia, men derimot brunost, Snøfrisk og Jarlsberg. Her er dei verkeleg kreative – produktmappa til Lotito Foods LLC inkluderer mellom anna Jarlsberg Folio Cheese Wraps – «made from all natural cheese». Ja, du forstod riktig: Vi snakkar om tortillalefser laga av rein jarlsbergost. Lågkarbo lever framleis i statane.

Norseland Ltd. er, kort fortalt, den britiske motparten til Norseland Inc. Her er det meir cheddar, mindre internasjonale element.

Ifylgje Tine-årsmeldinga for 2021 går alle desse internasjonale engasjementa med overskot. Så kva er då problemet? Tine skal skaffe mest mogleg verdiar attende til eigarane sine – norske bønder. For å få til det meiner dei altså at dei må ut i verda med produkta sine. Di meir overproduksjon og overimport vi har her heime, di meir må Tine ut, og di mindre handlar verksemda til Tine om norsk gras til norsk mjølk til lokalmarknaden.

Men Tine er langt frå aleine om å vere norsken som sel ost i utlandet. Norsk meieribransje er monaleg mykje større enn det eg i det minste visste om. Meir om det komande veke.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis