JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Thaimat

Om vi lèt råvara vere der ho er, er det større sjanse for problemlaus tradisjonsimport. 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Pad thai kan godt kome til Noreg, men sjølve kyllingen treng ikkje vere med på reisa.

Foto via Wikimedia Commons

4146
20230811
4146
20230811

Det er noko eige med å kjøpe mat på gata, synest eg. Noko bitte litt forbode og farleg. I det minste er ein så vidt på sida av systemet, når ein ikkje kjøper mat på verken ein butikk eller ein kafé eller restaurant. Di enklare utsalet er, di sterkare vert denne kjensla.

Difor er eg i utgangspunktet skeptisk når eg finn ein produktserie som heiter nettopp Street Food i ei hylle på ein supermarknad. Men eg vert jo nøydd til å gje dei ein sjanse.

Produkta det dreier seg om, høyrer heime i det thailandske kjøkkenet og kjem i tre variantar: Korma Chicken Noodles, Satay Kylling med nudler og Pad Thai Kylling med nudler. Kjende rettar, dette, på god veg til å verte ein del av standardrepertoaret i norske hushald og sikkert å finne i fleire hyllevariantar.

Street Food skil seg likevel frå mange andre produkt: Dei er ikkje berre thailandske, dei er i sin heilskap produserte i Thailand. Unntaket er kveitemjølet til nudlane – ifylgje innpakninga kjem det frå Australia. Alt det andre, må vi gå ut frå, er thailandsk.

Dette inkluderer altså kyllingen. Vi importerer kylling frå Thailand, oppdagar eg, og kjenner umiddelbart ein sterk trong for å finne ut korleis denne næringa artar seg.

Vertikal integrering

Det syner seg fort at produksjon av broilerkylling er ei næring i vekst i Thailand, og at brorparten av denne veksten er laga nettopp for eksport. Næringa har vore gjennom både industrialisering og modernisering dei siste par tiåra, og utviklinga er sett i samanheng med ei vertikal integrering der stadig fleire av kyllingfarmane er eigde av store konsern som kontrollerer heile verdikjeda – frå foreldregenerasjon av produksjonsdyr til farmane sjølve produksjonsgenerasjonen vert oppdratt på, via fôrproduksjon til slakteria og produkta som vert produserte der og sende ut over store delar av verda.

Ikkje noko av dette bør vere ukjent for oss her heime – vi har Norsk Kylling, til dømes, som er heileigd av Rema Industrier AS og har knytt til seg produsentar i området kring slakteriet på Støren i Trøndelag. Men alt er nok litt større i Thailand, verker det som. Der ein gjennomsnittleg slaktekyllingbesetning i Noreg er på 23.000 fuglar, er han i Thailand på kring 70.000.

Om ein ser på gjennomsnittskyllingprodusenten i Thailand, får du likevel opp eit anna bilete: Den største gruppa kyllingprodusentar har ikkje fleire enn hundre fuglar. Men dei som har mange, er så store at bidraget småprodusentane har til den totale produksjonen, er nær null.

Problemimport

Truleg er den thailandske kyllingproduksjonen ein oppskalert versjon av den norske – med eitt unntak: i rutinemessig og førebyggande bruk av antibiotika.

Eg finn ikkje nøyaktige tal for antibiotikabruk i thailandsk slaktekyllingproduksjon, og det trur eg ikkje eg er aleine om: Ifølge forskingsrapportar har ikkje bøndene sjølve den heile og fulle kontrollen, sidan dei får ferdigblanda fôr frå leverandørar og eigarar, og merkinga av fôret kan vere mangelfull. Men ifylgje dei store produsentane vert antibiotika ikkje lenger brukt som eit veksthormon.

Så langt som Noreg er det likevel lite truleg at dei har kome. Noreg er nemleg blant få land i verda som driv industriell kyllingproduksjon utan bruk av narasin.

Fram til 2016 vart narasin, som er klassifisert som fôrtilsetjing, men òg som antibiotika brukt førebyggande mot tarmsjukdommar, tilsett i så å seie alt norsk kyllingfôr. Men etter press frå mellom anna forbrukarar, vart bruken raskt fasa ut, og næringa har vore frisk sidan.

Med andre ord: Det er mykje å utsette på norsk kyllingproduksjon, som på mange måtar er akkurat like industrialisert som den thailandske, men i det minste har vi klart å fase ut eitt problem. Då ser eg ingen grunn til at vi skal importere problem som er endå litt større enn dei vi har sjølve, frå eit land på andre sida av jordkloden.

Lat oss importere mattradisjonar – eit breiare middagsrepertoar er utelukkande eit gode. Men lat oss bruke våre eigne råvarer. 

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Noreg er blant få land i verda som driv industriell kyllingproduksjon utan bruk av narasin.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ja til skule, nei til studentfabrikk

Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis