JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Soyabønner

Vi har hatt avskogingsfri soya i årevis, men avskogingseffekten lèt vente på seg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Somme tider er skogen grønare på andre sida, som her, i Para i Brasil, med ein soyaåker på høgre sida av riksveg 163.

Foto: Leo Correa / AP / NTB

4029
20221125
4029
20221125

Du veit kva Amazonas er for noko. Du veit at å ta vare på restane av den største regnskogen i verda er kritisk for klima og naturmangfald. Og du veit at industrielt jordbruk er den farlegaste fienden Amazonas har. Likevel fortel eg deg det ein gong til. For visste du at Noreg dei siste førti åra har forsvunne to gonger, berre i Amazonas? Eller at eit område tre gonger større enn Noreg i tillegg har vorte skada?

Kanskje visste du det. For det er mykje snakk om Amazonas for tida, litt fordi det har vore klimaforhandlingar, og mykje fordi Lula da Silva nyleg vann presidentvalet i Brasil. Førre gongen han var president, vart avskoginga i Amazonas redusert med opp mot 75 prosent. Kan han gjere det igjen? Kan han gjere det betre? Den norske miljøvernministeren er positiv og vil opne opp att det norske regnskogfondet. Sjølv Regnskogfondet er positivt. Men kva skal eigentleg til for å stoppe hogsten?

Soyasyndaren

Ein av hogstsyndarane er ei bitte lita, rund og proteinrik bønne. Soyabønna har vi høyrt om, soya frå Brasil har vorte eit mykje brukt skjellsord i norsk landbruks- og oppdrettsdebatt – oppdrettsnæringa brukar etter kvart meir soya i fôret enn jordbruksnæringa. Så har vi òg høyrt næringane forklare seg med at dei berre kjøper sertifisert avskogingsfri soya – soyabønner som er dyrka på land som ikkje har vore avskoga sidan det såkalla soyamoratoriet i 2006 – og difor ikkje kan lastast like mykje som andre soyakjøparar kan.

Men kva bidreg eit slik moratorium eigentleg med? Det har vore mykje diskutert, og for ein månad sidan fekk vi endeleg tal på bordet: Forskarar frå University of Cambridge har følgt forsyningslinjer attende til produsentar og kome til at sertifiseringsordningar i perioden mellom 2006 og 2015 reduserte avskoginga i Amazonas med berre 1,6 prosent. Det svarar til eit område på storleik med Hinnøya, som rett nok er den største øya i Noreg, men i dette biletet vert ho lita. Flautt lita.

Endå verre står det til med soya frå det nærliggande savanneområdet Cerrado. Cerrado er ikkje ein del av soyamoratoriet frå 2006, men dei siste åra har stadig fleire innsett at savannen er minst like viktig for både klimaet og naturmangfaldet som regnskogen – og difor, hevdar dei, har dei inngått soyakjøpsavtalar der ein unngår nydyrking i området.

Mellom anna skreiv oppdrettsfôrprodusenten Skretting i ei pressemelding i 2019: «Initiativet ’Funding for Soy Farmers in the Cerrado’ har som mål å bevare den naturlige vegetasjonen og det biologiske mangfoldet i Cerrado-regionen, og stoppe avskogingen ved å gi bønder økonomiske incentiver til å produsere soya bare på eksisterende jordbruksareal».

Ord utan handling

Funna forskarane frå Cambridge har gjort, bør få Skretting til å gå initiativet sitt etter i saumane. Så langt dei har klart å finne ut, har nemleg ikkje eitt einaste selskap implementert forpliktingar for null avskoging i Cerrado gjennom heile forsyningskjeda.

Nett her ligg mykje av problemet, meiner forskarane: Det er stor skilnad på om produsentar og seljarar innfører reglar for avskoging, og at dei implementerer dei same reglane. At orda vert sagde og skrivne, inneber ikkje at dei vert sette om til handling. Dersom selskapa som har forplikta seg til null avskoging i Cerrado, hadde gjort som dei hadde lova, kunne avskoginga der vore redusert med 46 prosent. I staden har den frivillige ordninga knapt hatt effekt.

Misforstå rett: Forskarane bak studien «Gaps in adoption and implementation limit the current and potential effectiveness of zero-deforestation supply chain policies for soy», som vart publisert i Environmental Research Letters i oktober, meiner altså at sertifiseringsordningar kan ha effekt mot avskoging. Dei må berre fungere.

Og kva må til for at dei skal fungere? At dei vert etterprøvde og kontrollerte. Det må lovgjeving til, og det må politisk vilje. Lula får gode sjansar til å vise kva han duger til. Vi er mange som følger med.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis