JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Regnbogemat

At matproduksjon treng mangfald, burde seie seg sjølv.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Om vi kan lage ein regnboge berre i gulrøter, kor mykje mangfald vi ikkje har smakt enno, finst det ikkje då der ute?

Foto: Pixnio.com

4246
20220701
4246
20220701

Kor mange fargar har maten du et? Er gulrøtene dine oransje, raudbetane lilla og maisen gul? Trur du det er slik naturen har skapt dei? Då er det på høg tid å tru om att – og omfamne mangfaldet naturen kan gje tallerkenen. Men før vi kjem til naturens regnbogefarga gode, må vi snakke litt om kva typar mangfald som er godtekne på den menneskelege sida av matproduksjonen.

At førre helg var rar og trist, seier seg sjølv. Men at ho skulle verte helga då ein kanskje burde meldt seg ut av Facebook-gruppa «Venner av norsk landbruk», var ikkje nødvendig. Den opne Facebook-gruppa med nærare 90.000 medlemmar er stadig vekk scene for friske diskusjonar med fargerikt språk og innhald langt frå det politisk korrekte.

Eitt innlegg, som med fargerike hjarte oppmoda til å «stå saman mot uvitenheten», fekk likevel moderatorane i gruppa til å måtte ta fram sletteknappen. Blant kommentarane som fekk lov å stå, var likevel fylgjande: «ikke alle som liker homse flagg rundt forbi». «Nå er moderatoren her lynsnar med å slette innlegg han ikke liker (halal) – si meg, hva har dette med landbruk å gjer??» «Når ble det normalen å omtale seksuelle fetisjer og begjær som kjærlighet?» – og endå fleire variantar av «Har ingenting med landbruk å gjere».

Nett det skal vi sjå litt nærare på.

Psykisk bondehelse

Kor godt er det å vere bonde i Noreg? Undersøkingar har synt at den psykiske helsa til bønder ligg under snittet for andre yrkesgrupper. Uro for økonomi og lite hjelp til faglege utfordringar vert gjerne trekte fram som årsaker – saman med einsemd. Å vere bonde er å vere mykje aleine, men med mange forventningar: Ein bonde er framleis fyrst og fremst ein mann – og då endåtil ein maskulin mann. For å vere bonde må du vere sterk, du må kunne mykje med hendene, du må ikkje vere sentimental, og du må kunne føre familiegarden vidare både økonomisk og i slekta. Altså må du lage born.

Korleis er det å vurdere ein karriere i landbruket om du ikkje kan krysse av desse boksane?

Så vidt eg har klart å finne ut, er det ikkje gjort undersøkingar om korleis det er å vere skeiv bonde – eller endå viktigare, skeiv bondespire – i Noreg. Bondeorganisasjonane møter utfordringane med psykisk helse mellom anna med nettstaden Godtbondevett.no, men her står ingenting om kjønnsidentitet eller seksuell legning.

Samstundes er rekruttering ei av dei største utfordringane i norsk matproduksjon. Det er ikkje for mange unge som har lyst å verte bonde. Har vi råd å miste nokon berre fordi dei organiserer familielivet sitt litt annleis enn generasjonane før? Kva gjer kommentarfelt som det nemnt over med lysta til å gå inn i næringa?

Alle skal med

Kva er eigentleg matproduksjon utan mangfald? At oransje gulrøter dominerer butikkhyllene, er utelukkande fordi industrien har avla på dei på kostnad av dei lysegule, mørkelilla og rosa variantane. Nokre raudbetar er heilt raude, det er sant, men det fins òg polkabetar – stripete, nett som polkagrisar – og reiser du til Peru, vil du få servert mais – og potet – i eit fargekart som gjer sjølv regnbogen keisam.

Årsaka til at naturen held seg sjølv så fargerik, er rett og slett at det gjer han mest mogleg motstandsdyktig. Ulike fargar gjev ulike kvalitetar. Til dømes inneheld kvit mais mykje karbohydrat og gul mais mykje A-vitamin, medan den fleirfarga maisen har særs høgt mineralinnhald.

Slik gjer vi best i å få med alle, og sjølvsagt høyrer mat heime i kampen for kjærleiken: The Okra Project lagar sunn mat til svarte transpersonar i USA basert på grønsaken slavar ein gong smugla over på skip. The Cultivating Change Foundation jobbar for å fylle alle delar av landbruksnæringa med leiarar med LGBTQ+-bakgrunn. Podcasten Country Queers har samla skeive historier frå bygda sidan 2013.

Og i Storbritannia har dei sidan 2010 hatt ein eigen Gay Farmer Helpline – ein hjelpetelefon for homofile bønder. «Alle kjenner seg som den einaste homofile bonden i verda», seier grunnleggar Keith Ineson, som får nye telefonar kvar dag.

Dei er ikkje det. Ingen er aleine. Om du treng det, er nummeret til Gay Farmer Helpline +44 78 37 93 18 94.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ein bonde er framleis fyrst og fremst ein mann – og då endåtil ein maskulin mann.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Beth Gibbons har henta mykje frå eige liv i arbeidet med det nye albumet.

Foto: Netti Habel

MusikkMeldingar

Det som finst, her og no

Beth Gibbons gir ut si første soloplate med eigenkomponerte songar.

Øyvind Vågnes

Foto: Vibeke Ekeland Grønn

Frå sjakkverdaKunnskap
Atle Grønn

«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis