Frå matfatet

Pyttipanne

Namnet skjemmer ingen, men bodskapen bør vere på stell.

Ein klassisk pyttipanne: potet, lauk, kjøt, speilegg og raudbetar. Eg anar ikkje kvifor, men slik skal det vere.
Ein klassisk pyttipanne: potet, lauk, kjøt, speilegg og raudbetar. Eg anar ikkje kvifor, men slik skal det vere.
Publisert

Er ikkje pyttipanne eit genialt namn på ein matrett? Eg meiner, det har vel vore «putt i panne», som i «putt det du har, i steikepanna», men så, sidan det ikkje er så nøye akkurat kva du puttar i panna, «pytt, pytt», liksom, så vart det pyttipanne, då.

Og ikkje berre i Noreg: I Danmark heiter retten biksemad, men det har ikkje noko med verken hundar eller hermetikkboksar å gjere, slik eg trudde: å bikse er på dansk å blande saman, gjerne «på en hurtig og uigennemtænkt måde». Også i Sverige og Finland er pyttipannan og pyttipannu tradisjonsmat, og ordbøkene deira fortel meg at ordet kjem av det same.

Kanskje er det òg eit høve til å sleppe fri noko ein ikkje er heilt sikker på konsekvensane av, i det minste stod det i Göteborgs Handels- og Sjöfartstidning i 1944: «Den politiska pytt-i-panna, som på riksdagens kökslatin kallas remissdebatt». Det synest eg var ei fin setning – ein remissdebatt er fyrste gongen ei sak kjem opp i riksdagen, og då har alle representantane høve til å kome med forslag til utvalet som skal jobbe vidare med saka.

Det kan dei gjere, kanskje på ein litt meir ugjennomtenkt måte enn om det dei sa, vart ståande for alltid – nett slik ein pyttipannemiddag kan lagast på éin måte den eine gongen, kanskje med purre i staden for lauk fordi det var det ein hadde, eller som restemiddag etter svinesteik og neste gong etter kjøtkaker – og slik vert det ein rett i stadig utvikling.

Stor prisskilnad

Bortsett frå om du kjøper han ferdig og frosen i ein pose, då. Og det er det, om vi skal vere ærlege, mange av oss som gjer: Posen frå Findus har iallfall vore omtrent den same sidan eg var lita – det vil seie i minst tretti år.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement