Frå arkivet: Blekk og blod

– Du kjem til å lida på reisa di

 Ei krønike om Irak og familien al-Kubaisi.
 

Walid i lag med studiekameratar ved universitetet i Bagdad, seinvintern 1981. I mai flykta Walid til Syria.
Publisert

Det var natt. Far min kom inn til meg og sa: 

– Eg har ordna alt. Ta på deg og kom med meg. Du vert smugla ut.

Mor mi kom inn i rommet. Då far min fortalde at eg kom til å dra for godt, gjekk ho inn på soverommet og kom tilbake med ein stor Koran som eg hadde kjent sidan eg var barn. 

– Sit ned, Walid. Lat oss sjå kva Gud seier om reisa di.

Eg sat, og mor rekte meg Koranen. Eg opna han vilkårleg og leverte han tilbake til henne. Ho talde nokre vers og las: «Inna Laqina min saferina hatha nasaba!»

Eg hugsar røysta hennar og stunda framleis. Ho lyfte augo mot meg, trist, og sa: 

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement