Klimapolitikk
Leiestjerna som slokna
Visjonen om Europa som verdas grøne leiestjerne er borte. No handlar det om å halde fast ved den dalande oppslutninga og verne om den europeiske industrien, lyder det frå den danske klimaministeren.
Solcellepanel omringar bygda Hjolderup sør i Danmark. Den grøne optimismen i Europa har blitt erstatta av svart skepsis, skriv Andreas Esbjørnsen.
Illustrasjonsfoto: Mads Claus Rasmussen / AP / NTB
Det lydde
som ein vinn-vinn-situasjon. Vi skulle stoppe klimaendringane og skape eit grønt
veksteventyr, og heile verda skulle følge vårt eksempel. Men akk, det blir som
i eventyret om kona som skulle selje egg: Når ho snublar og knuser alle egga, blir òg
draumane knust.
Også på årets
klimatoppmøte i Brasil sat Europa igjen med berre knuste skal. USA var fråverande,
og oljestatane og BRIKS-landa lykkast i å sette seg sjølve på dagsordenen og presse
EU ut på eit sidespor. Den endelege avtalen inneheldt ikkje ei einaste
forplikting til å redusere klimagassutsleppa ytterlegare.
Nei, det
lysande grøne kontinentet som skulle vise vegen for resten av verda, er no
redusert til ein velgjerar som ikkje er brukande til anna enn å betale
klimakompensasjonar.
– For ti
år sidan trudde vi – nokre av faglege grunnar, mens andre hadde ein draum – at dersom
Europa tok fakkelen og gjekk fremst, ville andre sjå lyset og automatisk følge
etter. Det trur eg i mindre grad på i dag, seier klimaminister Lars Aagaard
(Moderaterne).
I kraft
av det danske EU-formannskapet var Aagaard unionens representant på COP30. Her kunne han med trøytte auge sjå grøne formuleringar forsvinne, ord for ord, ut av den endelege avtaleteksten.
Meir
sårbare
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.