Frå arkivet: Blekk og blod

Treet vart hogge ned

Ei krønike om Irak og familien al-Kubaisi.
  

Gata i Kubaisa der oldefar vart stukken ned i 1886.
Publisert

Oldefar min bygde og dreiv ein skule i Kubaisa. Heile fire store personlegdomar i Iraks historie skulle koma frå denne skulen. Den eine vart statsminister, den andre ein militærleiar som gjorde militærkupp i Irak, men mislukkast, den tredje vart den høgre handa til kongen, den fjerde var Basil al-Kubaisi, den fyrste nasjonale ideologen i Irak. Doktorgraden hans kan du låna på Universitetsbiblioteket i Oslo.

Oldefar opna òg ein gjestgjevargard som vart møtestad for folk, der dei kunne drikka kaffi om kveldane, diskutera og eta når tørke råka området. Han bygde òg ei avdeling med tre store rom for handelsfolk som kryssa ørkenen mellom Irak og Syria, eller karavanar frå Saudi-Arabia.

I denne gjestgjevargarden hende noko som er vorte eit æresmerke for folk i Kubaisa. Ein dag kom sju, åtte menn til gjestgjevargarden og bad om vern. Dei høyrde til kong Faisal bin Al Saud (1785–1865) i Mekka, som var i konflikt med det osmanske riket.

Kong Faisal ville dominera området, skipa ein arabisk allianse og mobilisera folk mot tyrkarane. Tyrkia brukte islam som fane og meinte at dei hadde rett til å styra og kontrollera Midtausten. Dei åtte gjestene som søkte vern i Kubaisa, var utsendingar frå kong Faisal til arabiske stammer rundt i Irak.

Men hovdingen for alle Dulaim-stammer, Ali Sulaiman, nekta utsendingane frå kong Faisal å reisa rundt og tala med folk i området. Han hadde sterke band til det osmanske riket og dominerte området i det som i dag vert kalla for dødens triangel. Dulaim-stammene bur i Vest-Irak den dag i dag og er framleis mektige.

Ali Sulaiman sende ein utsending til Kubaisa og bad om å få utlevert gjestene fordi dei var etterlyste av tyrkarane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement