Frå matfatet
Poteter
Mykje tull med toll.
Jordeple: Opp frå mørket kjem ho og har (heldigvis) inga aning om det kompliserte systemet vi bygger kring ho.
Foto: Pxhere.com
«Poteten kan bli dobbelt så dyr», stod det på nettsida til NRK i førre veke, i etterkant av at SV i budsjettforliket med Ap og Sp ordna overgang frå krone- til prosenttoll på mellom anna poteter. I røynda inneber dette høgare toll på import av poteter frå nyttår. Krise, tenkte du kanskje – eg slit alt med å sette mat på bordet, og så gjer ei regjering som liksom skal sette vanlege folk fyrst, råvarene endå dyrare?
Ja, det er vanskeleg å tru at NRK ynskte du skulle tenke noko anna, då dei laga ein slik tittel. Men stemmer det, eigentleg? Det med «dobbelt så dyr», altså?
Alt idet vi opnar saka, modererer røyndommen seg litt: Det dreier seg om matforskar Ivar Pettersen, som meiner kiloprisen på poteter kan gå opp frå 20 til 40 kroner per kilo med dei nye tollsatsane. For når importerte poteter vert dyrare, er det ingen grunn til at ikkje også norske produsentar vil auke prisane, meiner han.
Landbruksministeren er usamd, og hevdar at professoren gløymer at prisen på norske poteter er styrt av målprisar, og at dei ikkje berre konkurrerer med importpoteter, men også med andre karbohydratkjelder som ris og pasta.
Med andre ord: Begge sider spekulerer, og ingen veit sikkert. Skal vi då kanskje ta oss tid til eit lite tilbakeblikk?
Då ostetollen kom
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.