Frå matfatet

Ost

På tide å hente ostehøvelen fram frå skuffa.

Kvit og brun ost: Norskare vert det ikkje. Men kor lenge tek vi oss råd til å prioritere vår eigen matproduksjon?
Kvit og brun ost: Norskare vert det ikkje. Men kor lenge tek vi oss råd til å prioritere vår eigen matproduksjon?Kvit og brun ost: Norskare vert det ikkje. Men kor lenge tek vi oss råd til å prioritere vår eigen matproduksjon?
Publisert

Matprisar er i vinden som aldri før, men kva gjer vi eigentleg for framleis å ha råd til å ete oss mette? Kor sparer vi? Klarar vi å ete like sunt? Kva med prinsippa våre – vil den sterke støtta norsk matproduksjon har, overleve gjennom dyrtida, ikkje berre i hovudet, men i konkrete handlekorger?

Både hjå Oda og hjå Meny kan du i dag kjøpe tre typar gräddost: Den mjuke, milde og fløyterike osten vert seld i to variantar frå Tine og éin frå danske Arla. Den danske varianten kjem i skiver og kostar 204 kroner per kilo hjå Oda og 237,60 kroner per kilo hjå Meny. Det norske, ferdigskiva alternativet kostar 237 og 290 kroner per kilo hjå dei to ulike kjedene.

Her er det altså pengar å spare på å flagge ut matinntaket sitt. Men vent litt – har vi ikkje éin variant til?

Visst har vi det. Den heile norske gräddosten kostar 131,32 kroner per kilo hjå Oda og 156,32 kroner per kilo hjå Meny. Sjølv hjå lågpriskjeda er altså skiveosten dyrare enn den heile osten på supermarknaden. Hjå Oda er prisskilnaden på den skiva og den heile norske gräddosten heile 45 prosent.

Og dette gjeld ikkje berre gräddost. Hjå Spar kostar til dømes 500 gram Norvegia i blokk 145,80 kroner per kilo, medan 150 gram skiva Norvegia kostar 219,33 kroner per kilo. Prisskilnaden er på 34 prosent.

Dårleg argument

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement