Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Oppdrettslaks

Skal vi endeleg slutte å late som oppdrettslaksen er norsk?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Meir langreist enn ein skulle tru: Laksen er fin og flott, men særleg norsk er han ikkje.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

4195
20220429
4195
20220429

Kor mykje mat produserer vi i Noreg? Den korrekte sjølvforsyningsgraden, altså den som trekker frå kor mykje fôr vi hentar frå utlandet, landar på ein stad kring 40 prosent.

Men talet omfattar ikkje fiskeriet. Verken det som går føre seg i det frie havet, eller det som går føre seg i merdar langs kysten. For sjølvforsyningsgraden definerer berre kor mykje mat som vert produsert på norsk jord – og det er det mange som irriterer seg over. Delvis med rette. Det er jo soleklart at villfanga fisk er del av sjølvforsyninga vår.

Men oppdrettsnæringa har ingenting i sjølvforsyningsgraden å gjere. Årsaka fekk vi svart på kvitt frå matforskingsinstituttet Nofima 19. april. Då kom den faglege rapporten «Utnyttelse av fôrressurser i norsk oppdrett av laks og regnbueørret i 2020». Rapporten syner at berre 8 prosent av fôret «norsk» oppdrettslaks åt det året, var norsk. 92 prosent var altså importert.

Det nye proteinet

Lat oss gå gjennom tala: I 2020 vart det produsert utrulege 1.467.655 tonn oppdrettslaks i Noreg. Nærare halvtanna million tonn, altså, der så godt som ein million tonn er eteleg vare. (Resten er avskjer.) Til denne produksjonen gjekk det med 1.976.709 – nærare to millionar – tonn fôr. Med andre ord importerte vi 3.500.000 tonn meir fôr enn vi produserte laks – eller om lag dobbelt så mykje som den etelege mengda laks vi sat att med.

Dette er ikkje noko nytt. Parallelt med at oppdrettlaksen dei siste tiåra har vorte ein stadig meir effektiv fôrutnyttar, har han vorte stadig meir avhengig av den globale fôrmarknaden. I 1990 åt oppdrettslaksen 65,4 prosent fiskemjøl; i 2020 er delen nede i 12,1 prosent. Samstundes har ei ny søyle funne vegen inn i diagrammet: Vegetabilsk protein fanst ikkje i fôret i 1990, men utgjorde i 2020 40,5 prosent – klart størst.

Og den viktigaste vegetabilske proteinkjelda vi har, er altså soyaprotein. I tillegg et laksen ein del kveitegluten og noko guarprotein og solsikke. Den største feittkjelda i fôret er også vegetabilsk, nemleg raps. Og blant dei marine innslaga kjem brorparten av både proteinet (i form av fiskemjøl) og oljane frå det rapporten kallar reduksjonsfiske, altså fiske utført for å produsere – eller redusere fisken til – fiskemjøl og fiskeolje.

Dette sender oss vidare til eit viktig, globalt sjølvforsyningsspørsmål: Kor mykje av fôret vi gjev til oppdrettslaksen, som vi så feilaktig kallar norsk, kunne menneske over heile jorda, altså monaleg mykje nærare der råvara vert produsert, ha ete direkte?

Ei viktig kjelde til fiskemjøl og fiskeolje i laksefôret er ansjoveta frå Stillehavet. Fangsten av arten er verdas største fiskeri. Sjølv om bortimot 90 prosent av fisken truleg har menneskematkvalitet, vert berre om lag 10 prosent omsett som dette – fordi marknaden ikkje eksisterer.

Menneske kan òg ete soyabønner, kveite, solsikkefrø, raps-, soya- og kokosolje, åkerbønner og erter – råvarer som vi fôrar laksen med i enorme mengder.

Insektimport

Ja, for det er verkeleg store kvantum vi snakkar om her. Kor store skal vi late Nofima sjølv få syne oss: For ingenting av dette er med i tittelen på nettsaka Nofima har skrive om rapporten. «Laksefôr er så smått i omstilling», står det her. Årsaka til det er at «Annet» no er kome opp i 0,4 prosent av det totale laksefôret.

«Det er enorme volum som skal til av en ingrediens for å utgjøre en stor andel i laksefôr», seier leiaren for divisjonen for akvakultur i Nofima – etter å ha spesifisert at desse promillane utgjer over 8000 tonn. Ho heiar vidare på «store og små produsenter som satser og tør, for det avgjør hvor mye og hvor fort laksens matfat endres».

8000 tonn kva då, lurer du gjerne på. Alle er jo for at laksen skal ete meir norsk. Ja, det står endåtil i regjeringserklæringa at ein skal stimulere «til økt bærekraft gjennom et eget program for produksjon av bærekraftig fôr basert på norske ressurser».

Det programmet bør kome i gang snarast – for dei 8000 tonna med insektsmjøl, eincelleprotein, fermenterte produkt og mikroalgar oppdrettsnæringa har klart å bruke så langt, er importerte, alle som ein.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Alle er jo for at laksen skal ete meir norsk.

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis