JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

«Om høyringsinn­spela frå Helsedirektoratet vert inkluderte, risikerer ein å kriminalisere heilt vanleg mat.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Små-ulovleg: Godtet er smått, men er denne reklamen retta mot små eller store menneske? Det kan få alt å seie dersom ei ny forskrift vert vedteken.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

4026
20241129
4026
20241129

Bør det verte forbode å reklamere for usunn mat og drikke til born og unge? Det har iallfall Stortinget vedteke at det skal verte, og Helse- og omsorgsdepartementet har laga utkast til ei forskrift som har vore på høyring no i haust.

Med andre ord har ikkje dei nye kosthaldsråda fått verte kalde eingong før vi igjen er i gang med å diskutere kva mat som er sunn nok for borna våre.

Det er ein god del bra i retningslinjene slik dei ligg føre i høyringsnotatet: Forbodslista inkluderer energibarar, har tilnærma nulltoleranse for kunstige søtstoff (born med liten kropp har lågare toleranse for slikt) og skil mellom produkt som styresmaktene tilrår å unngå å ete – godteri, snacks, brus og liknande – og produkt som vi vert tilrådde å avgrense inntaket av.

For produkt som yoghurt, frukostblandingar, ferdigmat og liknande vert det tilrådd å innføre grenseverdiar som avgjer om dei får marknadsførast mot born eller ikkje: Berre yoghurt med lågt sukkerinnhald slepp gjennom, til dømes, og slik vil forskriftsskrivarane sørgje for at produsentar som ønskjer å marknadsføre produkta sine mot born, held seg til sunnare råvarer.

Likevel er det også her mykje av problema oppstår. For kva er for mykje metta feitt i ein yoghurt? Kva skal få definere om ein ferdigmiddag med ørten komponentar er sunn eller usunn?

Nei til syltetøy

I framlegget frå departementet er alt syltetøy og saft på nei-lista, uavhengig av kor stort innhaldet er av bær. Yoghurt har maksimumsgrense for feitt, medan mjølk ikkje har det.

I høyringssvaret sitt har Helsedirektoratet gått inn for ei feittgrense på alle meieriprodukt – noko som, om det vert gjennomført, vil gjere marknadsføring av heilmjølk og Jarlsberg-ost ulovleg om han er retta mot born eller oppmodar vaksne til å kjøpe slike produkt til born.

Er det å gå litt langt – på fleire måtar? No seier styresmaktene sjølve at eit marknadsføringsforbod jo ikkje er eit salsforbod: «Departementet mener at det ikke er motstrid mellom forskriftsutkastet og retningslinjene, da forskriftsreglene kun gjelder markedsføring av slike produkter rettet mot barn. Produktene vil fortsatt kunne serveres i barnehager», skriv dei til dømes om kvifor prim er på nei-lista. Ein kan spørje seg kor mykje tru dei då har på eigen politikk.

Forskrifta skil til ein viss grad mellom usunn mat som i tillegg er næringstom – altså ikkje inneheld nyttige element i tillegg til dei unyttige – og i utgangspunktet sunn mat som er vorten nedgradert av usunne tilsetningar. Men spørsmålet er om skiljet er tydeleg nok all den tid grensa mellom kva som kan marknadsførast, og kva som ikkje kan det, er absolutt. Særleg alvorleg er det om høyringsinnspela frå Helsedirektoratet vert inkluderte – då risikerer ein å kriminalisere heilt vanleg mat.  

Ja til matglede

Sjølv i framlegget som ligg i høyringa, er skiljet frynsete: Eg trur dei fleste skjønar at yoghurt og syltetøy er noko anna enn ostepop og sjampanjebrus. Eit lovverk som ikkje klarar å femne om ein så openberr skilnad, går ut frå startblokka med liten legitimitet. I verste fall kan verknaden vere negativ.

Born i dag har svært god kjennskap til kva mat inneheld. Eg trur ikkje eg visste kva gluten og laktose var då eg gjekk ut av barneskulen. No veit dei fleste born kva det er, alt før dei møter opp til fyrste skuledag. Det som er synd med denne kunnskapsveksten, er at han nesten utelukkande er basert på fareskilt: Dette toler eg ikkje, dette kan eg ikkje ete.

Vi treng å lære born å sette pris på sunn mat. Men vi treng å lære dei det gjennom glede, ikkje gjennom forbod og skam. Eg vert meir og meir usikker på om eit marknadsføringsforbod eigentleg er måten å gjere det på – iallfall ikkje eit som gjer alt så usikkert og vanskeleg som dette.

Kanskje seier lovforslaget mest om kor uhorveleg komplisert det har vorte for oss menneske å gjere det mest naturlege av alt – å ete. Det er, rett og slett, uendeleg trist.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn

Cuba framfor kollaps?

Den cubanske nasjonen lir no av den kanskje største systemkrisa sidan kolonitida.

VegardBye

Statsminister Jonas Gahr Støre avsluttar Kina-vitjinga i fjor i Shanghai, den største byen i landet og den travlaste hamna i verda.

Foto: Heiko Junge / NTB

UtanriksSamfunn

Noreg skal vera det mest demokratiske landet i verda, men ignorerer Asias fremste og samstundes mest truga demokrati

HalvorEifring

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis