JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Olje

Enkle val er feitt, men kan fort skli vekk mellom fingrane.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Mange typar olje» heiter dette biletet frå Wikimedia Commons. Kva for ein som er best, kjem an på kva ein skal bruke han til.

Foto via Wikimedia Commons

4244
20230127
4244
20230127

Hadde det ikkje vore kjekt om det fanst eit produkt som passa til alt? Ta olje, til dømes. Til steiking vil vi ha ein olje som toler høg temperatur utan å verte svidd og byrje å lage transfeittsyrer og anna uhumskt, medan vi til salatdressing vil ha ein olje som gjev smak og lukt, og det er nettopp smaks- og aromastoffa som svir seg.

Det kan verte mykje å sette seg inn i. Fint, då, kunne ein tenke, at Mills-merkevara Vita Hjertego’ har laga ein olje som høver til alt: «Vita Hjertego’ Optimal er en ideell blanding», ifylgje produsenten. Men er verda verkeleg så enkel?

Den grøne plastflaska inneheld ikkje éin optimal olje. Ho inneheld heller ikkje noko vi ikkje har høyrt om før. Nei, tvert om ei blanding av dei tre vanlegaste matlagingsoljane våre: 60 prosent rapsolje, 25 prosent solsikkeolje og 15 prosent olivenolje.

Kvar olje har sin funksjon, ifylgje Vita Hjertego’. Rapsoljen «tåler høy steketemperatur», solsikkeoljen «bidrar med kolesterolreduserende effekt», medan olivenoljen «gir en mild og god smak av oliven». Lat oss gå gjennom desse tre påstandane ein for ein.

God, men ikkje unik

Toler rapsolje høg steiketemperatur? Svaret på det er at ja, dersom rapsoljen er raffinert, toler han steiketemperatur på mellom 180 og 200 celsiusgrader før han byrjar å ryke og utvikle skadelege stoff.

Men kva med dei to andre oljane i blandinga? Dersom dei ikkje toler like høge steiketemperaturar og vi bruker blandinga av dei i den same steikepanna med den same temperaturen, er vi ikkje då like langt?

Jau, det vil vi vere, men heldigvis er både solsikke- og olivenolje i raffinerte variantar klarerte som gode steikeoljar. Olivenolje toler rett nok temperatur litt dårlegare enn dei to andre, men så lenge han er godt raffinert, vil den òg passere som steikeolje.

Godt for helsa vår, men ikkje like heldig for marknadsføringa til Vita Hjertego’, med andre ord. Vidare til neste påstand: Er solsikkeolje særleg kolesteroldempande?

Offisiell helseforsking seier framleis at å byte ut metta feitt frå animalske kjelder med umetta feitt frå vegetabilske kjelder, er godt for kolesterolet, men denne forskinga vert stadig utfordra. Det vert spanande å sjå kva som kjem i framlegget til nye kosthaldsråd, som er venta kva tid som helst.

Aller mest billeg

Vi treng likevel ikkje vente på dei for å granske påstanden til Vita Hjertego’ om solsikkeolje og kolesterol. Den dominerande feittsyra i solsikkeolje er linolinsyre. Dette er ei av dei to essensielle feittsyrene vi er avhengige av å få i oss gjennom kosten. Den andre er truleg betre kjend – det er omega-3. Linolinsyre vert òg kalla omega-6, og vi har forsking som seier at omega-6 er ekstra effektiv til å senke det skadelege LDL-kolesterolet. Men denne forskinga er fyrst og fremst gjord i samanlikningar med metta feittsyrer, ikkje andre umetta oljar.

Omega-6 har òg ei anna side: Vi må få det i oss, men truleg ikkje i uavgrensa mengder. For mykje omega-6 målt mot kor mykje omega-3 vi får i oss, aukar førekomsten av kroniske betennelsar i kroppen, har det synt seg. Solsikkeolje kan altså synast å vere eit tviegga sverd.

For dei fleste av oss, sånn i kvardagen, trur eg solsikkeolje først og fremst fyller ein annan funksjon: Han er billeg. Sjølv om Russland og Ukraina står for brorparten av solsikkeoljeproduksjonen i verda, er solsikkeolje framleis den billegaste av dei reine billegoljane hjå både Spar og Oda. Kan det vere den funksjonen han fyrst og fremst fyller i flaska til Vita Hjertego’ òg?

Olivenoljen nedst på innhaldslista har nok så absolutt kosta produsenten mest i innkjøp. Det er likevel tvilsamt kor mykje smak han eigentleg tilfører. Olivenolje har, som andre oljar, mest smak di mindre raffinert han er, men er han rå, eller kaldpressa, bør han ikkje varmast særleg mykje opp.

Eit optimalt oljeutval på eit kjøkken bør nok framleis innehalde minst to oljar: éin raffinert til steiking og éin kaldpressa til dressingar og meir varsam varmebehandling (ein god olivenolje kan fint få koke med i tomatsausen, til dømes).

Det er altså ingenting i vegen for å satse alt på eitt kort og berre ha Vita Hjertego’ Optimal heime. Men optimalt, det er det reint faktisk ikkje.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis