JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Matvareprisar

Lågare matprisar, seier opposisjonen. Men for kven – og på kva?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Billeg eller dyr mat? Her får vi dommen. Men kva er eigentleg rett pris å betale?

Foto: Terje Pedersen / NTB

4200
20220520
4200
20220520

Etter fleire år med vekst i daglegvareprisane kan det endeleg sjå ut som Stortinget har skjøna at prisen på mat har noko å seie for økonomien vår. Førre veke vart det iallfall kjent at heile opposisjonen – frå Raudt via SV, MDG, Venstre, KrF og Høgre til FrP – har samla seg kring tiltak for å regulere daglegvarebransjen betre.

Partia vil ta tak i dei ulike innkjøpsvilkåra produsentane får hjå dei ulike kjedene. Dei ti forslaga som vart lagde fram for Stortinget onsdag, inneheld òg krav om betre merking av EMV-varer og utgreiing av kva denne vertikale integreringa har å seie for konkurransen i daglegvarebransjen.

Alt dette er bra. Ja, det er gode steg i ei god retning. Det eg er meir usikker på no, er dei overordna måla alle partia har for reguleringane sine: Målet med semja er betre konkurranse, lågare prisar og betre utval.

Kva er det eigentleg som skal verte billegare – og for kven? Lat oss sjå på nokre prisdøme.

Tomme kaloriar

First Price Mariekjeks, til dømes, kostar 19,75 kroner per kilo hjå Meny. Kjeksa inneheld 450 kcal (kilokaloriar) per 100 gram – det vil seie 0,4 øre per kcal. Eg trur ikkje desse kjeksa treng verte særleg mykje dyrare – særleg sidan dei inneheld lite næringsstoff per kalori: litt protein, noko umetta feitt, men lite anna nyttig.

Ein torskeloin frå Lerøy, derimot, som er næringsrik og sunn, kostar 272 kroner per kilo. Med 226 kcal per 100 gram vert det 12 øre per kcal. Altså kostar dei sunne kaloriane i torsken 30 gongar meir enn dei tomme kjekskaloriane. Og kaloriane i ei gulrot frå Gartner ligg ikkje langt unna – 9 øre per kcal må vi ut med her.

Dette er ikkje berre tilfeldig valde tal, men eit gjennomgåande trekk: Når ein loff (First Price Loff) kostar 0,4 øre per kcal, medan grovbrød (Bakehuset Hverdagsgrovt) kostar 1,1 øre, er det fordi systemet vi har i dag, fører til at sunne varer generelt er dyrare enn usunne.

Noko mat er heilt openbert for dyrt i norske butikkar. Ikkje minst gjeld det fisk – her kan òg prispåslaget frå råvareleverandør til sluttbrukar vere mange hundre prosent, men ei rekke gode, sunne råvarer og basisprodukt er for dyre. Men mykje mat er òg like openbert for billeg, og det gjeld ofte unødvendig, usunn og i nokre høve direkte skadeleg mat.

Kva seier dette oss? Jau, at lågare prisar i beste fall er eit unøyaktig, i verste fall eit dårleg mål for tiltak mot daglegvarebransjen.

Skatt på bossmat

Eit betre mål ville truleg vore riktigare, meir nøyaktige prisar. Prisar som speglar produksjonskostnader, ja, men som vektlegg nytteverdi.

Korleis skal vi få til det? Fleire av tiltaka opposisjonen presenterer, er steg i den retninga. Får ein fram i lyset kva som eigentleg skjer i tingingane mellom produsentar og kjeder, slik ei oversikt over innkjøpsvilkår bør, vil ein truleg avsløre mange kreative prispåslag.

Dette er altså ein start, men funna må fylgjast opp: For det fyrste bør det gjerast ulovleg å selje mat med tap. Dette er alt lovfesta i fleire land, som England og Portugal. For det andre bør ein greie ut kva prosentpåslaget kjedene no brukar, gjer med sluttprisane: Det er naturleg at kvart ledd i ei kjede tek eit prispåslag for å dekke eigne kostnader og sikre forteneste. Men når ein, som no, legg på prisen i prosent, gjer det varer med høg utgangspris unødvendig mykje dyrare. Ville det vore meir rettvist å legge ein fast sum på utgangsprisen?

I tillegg bør ein våge å bruke nokre kaloriar på dei varene vi har synt er noko for billege. I fleire land og område – mellom anna California og Navajo-reservatet i USA, Ungarn og Mexico – har ein innført skatt på næringstom mat og drikke. Dette er ikkje ei sukkeravgift som den vi hadde i Noreg, og som var pålagd produsentane, men ei sluttbrukaravgift. I alle høve har dette ført til nedgang i forbruket av bossmat – særleg blant dei med lågast inntekter.

Når ein gjer usunn mat dyrare, må ein sjølvsagt samstundes gjere sunn mat billegare. Det får ein til – om ein vågar å regulere. No er vi i gang. Det er berre halde tempoet oppe.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Lågare prisar er i beste fall eit ­unøyaktig, i verste fall eit dårleg mål for tiltak mot dagleg­varebransjen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis