Transport

Banesår i Bergen

Kor vanskeleg kan det vera å få lagt 26 kilometer med skjener i eit levande demokrati?

I 2016 vart det halde folkemøte mot planane om å leggja Bybanen til Åsane over Bryggen. Til høgre eit banner som skal vise storleiken på bybanevognene.
Publisert

Ekstremt vanskeleg, er svaret. I alle høve i Bergen.

Etter rundt 35 år med diskusjon, krangel og grov utskjelling, mengder av rapportar og motrapportar, kartskisser og utgreiingar, skiftande meiningar, skiftande alliansar, brotne lovnader, tung mistillit, lure krumspring og enorme mengder politikk, byråkrati, konsulentar og møteverksemd på alle nivå skulle ein tru Bergen var forsynt med skjener frå nord til sør.

Så vel er det ikkje. Saka lever og leverer, også når vi no tek fatt på 2026.

Bybanesaka, som har ridd byen som ei mare i ein menneskealder, er vond nok å forstå for bysborn. I resten av landet må saka verka som ei stor gåte, for dei som måtte bry seg.

Her kjem eit forsøk på forklaring.

«Florida»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement