Historie

Dobbeltspel med Mossad i kulissane

Trekte Israels etterretningsorganisasjon Mossad i trådane då ein venstreradikal bande fekk rane danske bankar og robbe våpenlager i årevis utan å verte stoppa?

Å maskere seg til det ugjenkjennelege var eit av triksa Blekingegadebanden brukte når dei rana bankar og postkontor. Ei bok om maskeringskunst blei funnen i hovudkvarteret til banden, og eit stort utval masker, parykkar og uniformer – i utstilling på Politimuseet.
Publisert

– Eg hugsar det som i går, det som møtte oss då vi låste opp døra og gjekk inn i leilegheita i Blekingegade 2. Den tanken som straks slo meg, var: Alt stemmer med ein stad for terroristar.

Den pensjonerte politiinspektøren Jørn Moos fortel og gestikulerer og byr på kaffi og wienerbrød. Vi sit i annekset til den idylliske kvite villaen hans i Virum, eit par mil nord for København sentrum.

Herifrå tek Moos oss med på ein guida tur, i tid og rom, til det som ein gong var ein langt farlegare stad: ei leilegheit med store mengder sprengstoff, våpen og ammunisjon i ein leigegard på Amager – ti minutt med metro frå Kongens Nytorv.

Frå «eple» til bande

Datoen er 2. mai 1989. Dei to politikollegaene Jørn Moos og Hans Corfitzen er på veg opp trappa mot det som truleg skjuler hovudkvarteret til ein bande unge venstreradikale ransmenn.

Dei vert på denne tida kalla «æblerne» i politikretsar, eller Appel-gruppa, etter grunnleggaren, marxist-leninisten Georg Appel. «Epla» skal snart få endra kallenamn til Blekingegadebanden. Dei har rana bankar og postkontor og robba våpenlager sidan tidleg på 1970-talet. Utbytet har dei sendt til kameratane sine i Folkefronten for frigjering av Palestina (PFLP), som er rekna som ein av verdas farlegaste terrororganisasjonar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement